Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Marknadsregulering av egg

Totenegg - høner på tunet

Marknadsreguleringa av jordbruksråvarer skal sikra ei stabil forsyning av varer i alle marknader til ein om lag lik pris. Den skal òg sikra produsentane stabil avsetting og stabile prisar i tråd med jordbruksavtala sine avgjerder.

Markedsregulering-figur større

Marknadsreguleringa er sett saman av avsettingstiltak, faglege tiltak og opplysingsverksemd. Avsettingstiltak vert sett i verk for å sikra ein balansert marknad i tråd med gjeldande jordbrukspolitikk. Faglege tiltak og opplysingsverksemd er førebyggjande og meir langsiktige aktivitetar. Tiltaka vert administrerte av Omsetningsrådet, der Landbruksdirektoratet er sekretariat.

Marknadsregulator har mottaksplikt for egg frå alle produsentar. Samstundes har dei óg forsyningsplikt for å sikre alle aktørane i marknaden tilgang på egg etter nærare spesifiserte vilkår.

  • Marknadsregulering av egg

    Nortura SA er marknadsregulator i kjøt- og eggsektoren. Marknadsregulator har den utøvande rolla gjennom å føreslå og gjennomføra reguleringstiltak. Marknadsregulator får kompensert for kostnadar knytte til gjennomføring av tiltaka.

    Marknadsreguleringa vert finansiert av omsettingsavgifta, som blir betalt av bøndene ved levering av egg til vidareforedling. Storleiken på omsettingsavgifta vert fastsett årleg av Landbruks- og matdepartementet etter føreslag frå Omsetningsrådet.


    Avsettingstiltak
    Avsettingstiltaka er basert på "Retningslinjer for markedsregulering for egg". Nortura står for administrasjon og iverksetting av tiltaka. I medhald av til retningslinjene har ein følgjande avsettingstiltak:

    • Kjølelagring av egg og eggprodukt, og fryselagring av eggprodukt.
    • Priskompensasjon ved innanlands produksjon av skiljeprodukt (plomme og kvite) basert på norskproduserte skalegg.
    • Levering av egg og eggprodukt til skip i utanriksfart og fangst og fiske i fjerne farvatn, til oljeplattformer og til Svalbard (spesialmarknader).
    • Eventuelle andre avsettingstiltak innanlands etter førhandsgodkjenning av Omsetningsrådet i kvart enkelt tilfelle.


    Det har òg vore nytta produksjonsregulerande tiltak som førtidsslakting og utsetting av innsettingstidspunkt for verpehøns.


    Faglege tiltak og opplysingsverksemd
    Faglege tiltak og opplysingsverksemd er basert på «Retningslinjer om anvendelse av midler fra omsetningsavgiften til faglige tiltak og opplysningsvirksomhet.» Faglege tiltak vert i hovudsak retta mot produsentane og industrien, medan opplysingsverksemda har forbrukarane som målgruppe. I medhald av retningslinjene kan det ytast tilskot til følgjande tiltak:

    • Reklame og salsfremjande tiltak som tek sikte på å påverka etterspurnaden. Til dømes  forbrukaropplysing, varedemonstrasjonar, forhandlarpåverking og liknande.
    • Fagleg opplysingsverksemd ovanfor produsent, dvs. rettleiing av produsent om produksjon av kvalitetsvarer, varehandtering og marknadstilhøve.
    • Forsøksverksemd og forsking med mål om å fremja kvalitetsproduksjon, betre varehandtering eller auka varesal.
    • Administrasjonsutgifter i samband med administrasjon av faglege tiltak og opplysingsverksemd. Gjeld i første rekke marknadsregulatorane innan dei enkelte produktgruppene.
    • Del av kontingent til Norsk Landbrukssamvirke (statistikk, prognoser, etc.). - Ikkje i bruk.
    • Andre tiltak som tilfredsstiller omsetningsloven sin formålsparagraf.


    Over faglege tiltak for egg vert det gitt tilskot til Animalia. Animalia driv fagleg opplysingsverksemd ovanfor produsentar og bransjen som heilskap. Hovudområda for aktiviteten er dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik.

    Opplysingsverksemd for egg vert driven av Opplysningskontoret for egg og kjøtt (OEK). Deira oppgåve er å driva forbrukarretta, merkenøytral opplysings- og reklameverksemd om egg og kjøt. Verksemda vert i sin heilhet finansiert av midlar frå omsetningsavgiften. Det vert òg gjeve midlar til tilskot til opplysingsverksemd i regi av Matmerk.

Kontakt

Lenker