Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot egg

Eggpakkeri (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Landbruksdirektoratet forvaltar tilskot til produksjon av egg. Tilskota blir utbetalte kvar månad via eggpakkeri til føretak som produserer egg. Frakttilskot for transport av egg blir utbetalt til eggpakkeria. Føremålet med pristilskot er å auke inntekter, redusere kostnadar og jamne ut distriktsskilnadar i produksjon og omsetning av jordbruksprodukt.

  • Heimel og informasjon om klageadgang

  • Distriktstilskot

    Føremålet med distriktstilskotsordninga for egg er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å halde ved like busetnad og sysselsetjing i distrikta ved å jamne ut skilnadar i lønsemda i produksjonen.

    Distriktstilskotet for egg blir utbetalt til produsentar i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. Produsentar som leverer til registrert eggpakkeri får utbetalt tilskotet gjennom eggpakkeriet. Eggpakkeria sender inn oppgåve til Landbruksdirektoratet kvar månad som dannar grunnlag for utbetalinga av tilskot, sjå forskrift om formidling av pristilskudd i landbrukssektoren.

    Produsentar som omset egg direkte, får tilskotet som ei avkorting i innbetalinga av omsetningsavgifta for egg. Produsentane søkjer om tilskot samstundes som dei leverer rapporteringsskjema etter at året er omme.

  • Frakttilskot

    Føremålet med frakttilskotsordninga er å jamne ut kostnadane ved frakt av egg frå produsent til registrert eggpakkeri, i tillegg til å bidra til effektiv frakt og til å stimulere til omsetning via registrert eggpakkeri, jf. forskrift om pristilskudd i landbrukssektoren.

    Frakttilskot for egg blir utbetalt til registrerte eggpakkeri for å nedskrive fraktkostnadar ved frakt av egg frå produsent til nærmaste registrerte eggpakkeri. Kommunane i landet er plasserte i ei av 10 soner ut frå avstand frå kommunesenter til nærmaste registrerte eggpakkeri. Tilskotssatsen for kvar sone blir fastsett i jordbruksforhandlingane. Grunnlaget for utbetaling av frakttilskot er kvantum egg leverte i kvar kommune.

  • Registrerte eggpakkeri

    For å ha rett til frakttilskot for egg må eit eggpakkeri vere registrert hos Landbruksdirektoratet. Følgjande eggpakkeri er registrerte per 1. september 2018:

    • Den Stolte Hane AS
    • Jonas H. Meling AS
    • Toten Eggpakkeri AS
    • Rias Pakkeri AS
    • Nortura SA
      • avdeling Heimdal
      • avdeling Hå
      • avdeling Rakkestad

     For eggpakkeri gjeld følgjande:

    • Kriteriet for å ha rett til frakttilskot eller rett til å formidle distriktstilskot, er at eggpakkeriet må hente minst 500 000 kg egg per år frå produsent utenom eiga verksemd.

Kontakt

Lenker