Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kompetanseutvikling i landbruket - KIL

Gårdsbruk med fjøs og låve i landskap_674x279 (Copyright: Colourbox.com, bruksrett Landbruksdirektoratet)

Tilskotsordninga skal medverke til utvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod. Utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som driv fagleg eller økonomisk aktivitet overfor målgruppene kan søkje om tilskot. Formålet med midla er å bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar i primærlandbruket eller innan andre næringar knytt til landbruket.

1. januar 2019 tek Landbruksdirektoratet over forvaltingsansvaret for KIL-midla frå Matmerk. Dette inneber at direktoratet har ansvar for å lyse ut og handsame søknadar om prosjektmiddel. Det er om lag 3 mill. kroner til disposisjon for nye prosjekt med oppstart i 2019. Søknadsfrist er 7. januar 2019.

Frå og med 2019 vil årlege utlysingar av prosjektmiddel lysast ut i juni. Dette for å mogleggjere at prosjekt kan starte opp på byrjinga av året dei blir tildelt middel for. Prosjektmiddel for 2020 vil difor lysast ut i juni 2019, med søknadsfrist september/oktober 2019.

  • Utlysing for 2019

    Det er om lag 3 mill. kroner til disposisjon for nye prosjekt med oppstart i 2019.

    Søknadsfrist: 7. januar 2019

    Kven kan søkje?
    Utdanningsinstitusjonar og organisasjonar som driv fagleg eller økonomisk aktivitet overfor målgruppene kan søkje om prosjektmiddel. Søknadar kan sendast frå sentralt, regionalt eller lokalt nivå. Privatpersonar kan ikkje søkje om tilskot. Som hovudregel kan det ikkje søkjast om støtte frå KIL til prosjekt som vert vurdert til å vere ein del av søkjar sine ordinære oppgåver.

    Kva kan du søkje om middel til?
    KIL-midla skal gå til utvikling eller vidareutvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod (til dømes kurs og fagskuletilbod) retta mot yrkesutøvarar i primærlandbruket eller innan andre næringar knytt til landbruket. Tilbodet skal som eit minimum gje eit skriftleg kompetansebevis.

    For årets utlysing er det særskilt ønskeleg med søknadar innan følgjande område:

    Klimatilpassing
    Det er ønskeleg med kompetansetilbod som kan gje yrkesutøvarar i primærlandbruket auka kompetanse i å tilpasse produksjon og drift etter nye klimatiske forhold. Det trengs kunnskap om førebyggjande tiltak, samt kompetanse i handtering av krevjande situasjonar knytt til ekstreme verforhold som tørke og flom. Dette kan til dømes inkludere kunnskap om:

    • bruk av plante- og kornsortar tilpassa norske forhold
    • vatning og drenering
    • jordarbeiding og gjødsling
    • bruk av alternative fôrkjelder basert på norske ressursar
    • smart bruk av teknologiske verkty


    Klima- og miljøtiltak
    For at norsk landbruk skal nå sine målsetjingar om å redusere eigne klimagassutslepp og sikre ei miljøvenleg næring er det viktig at ny kunnskap og aktuelle klima- og miljøtiltak vert formidla og iverksett i primærleddet. Kompetansetilbod kan mellom anna fokusere på følgjande tema:

    • smartare og redusert energibruk og auka bruk av fornybare energikjelder
    • å ta i bruk teknologi, inkludert verkty og metoder knytt til presisjonslandbruk
    • auka lagring av karbon i jord og skog
    • redusert vassforureining (avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel)
    • sirkulærøkonomi


    Dyrehelse, dyrevelferd og plantehelse
    Norsk dyrehelse og –velferd er i verdssamanheng svært god. Likevel er det behov for kompetansetilbod som kan styrke dyrehelse og -velferd innan dei ulike husdyrproduksjonane.

    Det er vidare ønskeleg med kompetansetilbod som kan styrke norsk plantehelse og bidra til førebygging av plantesjukdomar. Med auka import av grovfôr og plantesortar frå utlandet er det viktig at bønder får naudsynt kunnskap om regelverk på området og kva risiko som er knytt til import av framande organismar, m.a. risiko for introduksjon og spreiing av planteskadegjerarar.

    Garden som kunnskapsformidlar- innføring for lærebedrifter
    Gartnerutdanninga i Noreg er i endring og det er i denne samanhengen behov for rekruttering og skulering av lærebedrifter for å best mogleg setje dei i stand til å utføre oppgåva som kunnskapsformidlar. Det vil vere behov for kompetanse omkring lærebedrifta sine rettar og plikter, rettleiing av lærlingar og faget si oppbygging og struktur (praktisk læreplanarbeid). Målsetjinga er at læretida vert ei positiv og utviklande periode både for lærling og lærebedrift, der fokuset skal liggje på kunnskapsformidling.

    Prosjektstorleik og omfang
    For prosjekt som gjeld utvikling og utprøving av nye kompetansegjevande tilbod kan tildelinga frå KIL maksimum utgjere 60 % av prosjektet sine samla kostnadar. For prosjekt som gjeld vidareutvikling av eksisterande kompetansegjevande tilbod kan tildelinga frå KIL maksimum utgjere 40 % av prosjektet sine samla kostnadar.

    Som hovudregel tildelar Landbruksdirektoratet inntil 500 000 kroner per prosjekt for heile prosjektperioden. Det kan ved visse høve vere aktuelt å innvilge større prosjekt dersom søknaden svarar til eit særleg viktig kompetansebehov i næringa.

    Prosjektperiode: 2-3 år

    Søknad og retningsliner
    Søkjar skal fylle ut og sende inn søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Her finn du lenke til elektronisk søknadsskjema og informasjon om korleis du søkjer via Altinn.

    Det må leggjast ved ein prosjektbeskrivelse til søknaden. Du finn malen for prosjektbeskrivelse i den elektroniske løysinga. Alternativt kan du laste ned malen her (vel mellom bokmål og nynorsk) og deretter laste den opp i den elektroniske løysinga.

    Søkjar er ansvarleg for å sende fullstendig søknad med relevante vedlegg innan fastsett frist. Signert intensjons- eller samarbeidsavtale mellom søkjar og eventuelle samarbeidspartnarar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Dersom endeleg samarbeidsavtale ikkje er inngått på dette tidspunktet skal den ettersendast Landbruksdirektoratet dersom prosjektet vert innvilga.

    I dei tilfella der søknaden omfatter utvikling av nye kompetansegjevande tilbod skal søkjar undersøkje om prosjektet og/eller undervisningsmateriellet allereie er utvikla. Søkjar skal skildre vurderingane som er gjort av behovet for eit nytt kompetansetilbod i prosjektbeskrivelsen.

    Vidare krav til søknaden går fram av søknadsskjemaet. Sjå dessutan retningsliner for KIL-midla.

  • Rapportering

    Rapportering undervegs i prosjektet
    Prosjekteigar skal så snart som mogleg melde frå til Landbruksdirektoratet dersom prosjektet vert forseinka eller om det er andre endringar som får økonomiske følgjer eller stor innverknad på resultata i prosjektet. Prosjekteigar skal då gjere greie for og grunngje endringane, og eventuelt leggje fram ein oppdatert prosjektomtale og budsjett. Landbruksdirektoratet skal godkjenne endringane.

    Krav til sluttrapportering
    Prosjekteigar skal sende prosjektrapport og sluttrekneskap til Landbruksdirektoratet innan fristen i tildelingsbrevet. Skjema for sluttrapportering er tilgjengeleg her på nettsidene våre. Rapporten skal innehalde ei vurdering av om prosjektet har nådd måla slik dei er omtala i søknaden. I tillegg må de leggje ved eit prosjektrekneskap som viser budsjett og faktiske utgifter. De skal føre rekneskapen slik at Landbruksdirektoratet enkelt kan samanlikne det med godkjend budsjett og finansieringsplan. Dersom kostnadane i prosjektet vert mindre enn budsjettert kan Landbruksdirektoratet redusere tilskotet.

    Omtale av prosjektet
    Landbruksdirektoratet omtalar prosjektet på sine nettsider og vil der informere om resultata frå prosjektet med grunnlag i sluttrapporten. I eigne omtalar skal prosjekteigar opplyse om at prosjektet er støtta med middel til kompetanseutvikling over jordbruksavtalen.

  • Utbetaling

    Delutbetaling
    Landbruksdirektoratet kan utbetale tilskot inntil to gongar per år. Landbruksdirektoratet kan utbetale inntil 75 prosent av tilskotet undervegs i prosjektperioden dersom de sender ein førespurnad i form av skjema som ligg på våre nettsider. Førespurnaden om utbetaling må innehalde faktiske dokumenterte utgifter og ein kort statusrapport. Ved behov kan vi be om ytterligare dokumentasjon i form av kopi av faktura, utskrift av hovudbok, reskontro og bankutskrifter.

    Sluttutbetaling
    Prosjekteigar skal sende førespurnaden om sluttutbetaling til Landbruksdirektoratet saman med sluttrapporteringa. Landbruksdirektoratet held tilbake 25 prosent av tilskotet fram til rekneskapen og prosjektrapporten er godkjent.

  • Tildelte middel 2016-2018

Kontakt

Siste nyheter