Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avgifter frukt og grønt

grønnsaker (Copyright: Colourbox.com)

Vi har to typar avgifter for frukt og grønt: Forskingsavgift og kollektivt dekt omsetningsavgift over jordbruksavtalen.

Landbruksdirektoratet krev inn forskingsavgift for omsett, norskprodusert frukt og grønt. Omsetningsavgifta blir kollektivt avsett i jordbruksavtalen.

  • Forskingsavgift

    Kva for landbruksprodukt er avgiftsbelagde?
    Med landbruksprodukt meiner vi fôrkorn til husdyr og følgjande nærings- og nytingsmiddel: alle råvarer, halvfabrikata eller ferdigvarer av animalsk eller vegetabilsk opphav, under dette kjøt, egg, mjølk, korn, grønsaker, honning, urter, røter, poteter, frukt, bær, bønner, frø og nøtter.

    Kven skal betale avgifta?
    Føretak som første gong kjøper varene frå produsent skal betale avgifta. Vidare skal produsentar med direktesal til forbrukar eller detaljist betale avgifta. Ved omsetning av sjølvproduserte råvarer må ein leggje til grunn kostnader for tilsvarande vare ved ordinært kjøp.

    Korleis blir avgifta rekna ut?
    Forskingsavgifta blir rekna ut på grunnlag av prisen på innkjøpt vare, eksklusive meirverdiavgift. Utgifter til frakt, pakking, sortering og emballasje kan ikkje trekkast frå.

    Forskingsavgifta utgjer 0,35 prosent av berekningsgrunnlaget.

    Kva skal du som omset frukt, grønt og honning gjere?
    Er du førstehandskjøpar av frukt, grønt eller honning, har du plikt til å betale forskingsavgift for kjøpet. Landbruksdirektoratet sender ut skjema for innrapportering av innkjøp til føretaka vi har registrert. Innrapportering og betaling av avgift er likevel ditt ansvar, og dersom du ikkje får eit slikt skjema av oss, må du ta kontakt.

    Føretak som føregåande år fekk berekna avgift under 10 500 kr, vil få skjema frå oss éin gong i året. Føretak som føregåande år fekk berekna avgift over 10 500 kr, vil få skjemaet kvart kvartal. Du må sende skjemaet til oss innan fristen som er gjeven opp. Vidare vil du få faktura på berekna avgift. Skuldig avgift på under kr 100 blir ikkje fakturert.

    Regelverk
    Forskingsavgifta har heimel i forskrift av 20. desember 2012 nr. 1417 om forskningsavgift på landbruksprodukter .

  • Omsetningsavgift

    Kostnadane ved marknadsreguleringa på grøntområde (opplysningsverksemd, faglege tiltak og avsetningstiltak) blir dekte gjennom ei kollektivt dekt omsetningsavgift løyvd over Jordbruksavtalen. For 2017 er det løyvd 24,4 mill. kroner.

    Midlar som ikkje er disponerte, blir tilførte fondet for omsetningsavgift hagebruk, og kan bli brukte til å finansiere ekstraordinære marknadstiltak (til dømes til avsetning av matpotet i år med store avlingar).