Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Skal du betale forskingsavgift på norske vegetabiler og honning?

Direktoratet opplever at ein del føretak ikkje er kjende med at dei har plikt til å betale avgift og skal rapportere inn avgiftsgrunnlaget sitt til direktoratet.

grønnsaker flere (Copyright: Colourbox.com)

Foto: Colourbox.com

 

Landbruksdirektoratet har sett tilfeller der det blir innbetalt avgift for same vare av fleire aktørar. Vi har derfor laga ei oversikt over dei som betalte forskingsavgift for norskproduserte vegetabiler og honning omsette i 2016. Oversikten kan bidra til å fange opp aktørar som ikkje rapporterer inn avgiftspliktig omsetning og å unngå at det vert betalt forskingsavgift på same vare fleire gonger.

Er du av dei som er forrvirra, så kan det vere nyttig å vite følgjande: Driv du eit føretak som er førstehandskjøpar av norsk frukt, grønt eller honning for vidare sal, er føretaket pliktig til å betale forskingsavgift for kjøpet. Driv du som produsent med sal direkte til forbrukar eller detaljist, er du som produsent pliktig å betale avgifta.

Landbruksdirektoratet sender ut skjema for innrapportering av innkjøp til føretaka vi har registrert. Innrapportering og betaling av avgift er likevel ditt ansvar. Ta kontakt dersom du ikkje får eit slikt skjema av oss i dag.

Les meir om landbruksprodukt som er avgiftsbelagte, kven som skal betale avgifta og korleis den vert utrekna.

 

Ei nyttig avgift for bransjen

Forskingsavgifta sikrar eit økonomisk grunnlag for forsking innan jordbruk og matproduksjon. Det er ei målsetjing at dei ulike sektorane i matvarekjeden som betaler forskingsavgift skal komme rimeleg ut med hensyn på fordeling av avgiftsmidla til forsking på sitt område. Ei oversikt over pågåande forskingsprosjekt ligger på Landbruksdirektoratet sine nettsider under Produksjon og marked > Forskningsmidler > FOU-prosjekter.

Les meir om forskingsmidlane for jordbruk og matindustri