Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Gode tilførslar av jordbruksvarer i 2016

2016 var nok eit år med stor norsk jordbruksproduksjon. Året ga store kornavlingar, og det var rikeleg med meieriprodukt, potet, svine- og lammekjøt. Importen av landbruksvarer var på nivå med året før. Den globale produksjonen av korn gjekk ned i 2016, medan kjøtproduksjonen var om lag uendra.

Salat i det fri (Copyright: Elstøen gartneri)

 

Landbruksdirektoratet la i dag fram rapportane Markedsrapport 2016 og Omverdenrapport 2016, som samanfattar dei norske og internasjonale marknadane for jordbruksvarer i året som gjekk. Rapportane er ein del av Landbruksdirektoratet sine innspel til jordbruksforhandlingane. Last ned rapportane til høgre på skjermen.

Høgaste norske kornavlinga sidan 2008 , medan den globale kornproduksjonen gjekk ned
Etter sju magre år, har den norske produksjonen av korn auka dei siste tre åra. Kornavlinga i sesongen 2015–2016 var den høgaste sidan 2008, men med lågt innhald av protein i kornet var det berre 31 prosent av kveiten som heldt matkvalitet. Dei store avlingane av korn gjorde det mindre naudsynt å importere korn enn åra før.

Samstundes gjekk verdas samla produksjon av korn litt ned i fjor. Etter fleire gode år er lagera av korn likevel fylte. Verdshandelen med korn auka, og utgjorde 15 prosent av den samla produksjonen. Dei internasjonale prisane på kveite gjekk ned som følgje av god produksjon og store lager. Det ligg an til rekordstor kornproduksjon i sesongen 2016–2017.

Betre balanse på den internasjonale meierimarknaden, mykje varer på lager i Noreg

Etter at det var overskot og låge prisar i 2015, var det betre balanse i den internasjonale marknaden for meierivarer i 2016. Med betre balanse auka dei internasjonale prisane på meierivarer i andre halvår 2016.

I Noreg gjekk mjølkeproduksjonen litt ned frå året før. Tilførslane var likevel større enn etterspurnaden, og det var overskott og store lager av skummamjølkpulver, ost og smør. Den samla importen av meierivarer gjekk og litt ned. Medan importen av ost auka, gjekk importen av yoghurt ned.

Verdas kjøtproduksjons stagnerer, sterk vekst i norsk produksjon

Verdas produksjon av kjøt gjekk berre marginalt opp i 2016. Sterk nedgang i produksjonen av svine- og fjørfekjøt i Kina trekte ned den globale produksjonsveksten. Den låge produksjonen av svinekjøt i Kina auka importen til landet, noko som bidrog til at verdshandelen med svinekjøt auka med heile ti prosent frå året før. Stor etterspurnad frå fleire asiatiske land og Sør-Afrika førte òg til stor vekst i verdshandelen med fjørfekjøt.

I Noreg auka produksjonen av alle dei store kjøtslaga i året som gjekk. Etter ein periode med lågt sal og nedgang i produksjonen, fekk kyllingmarknaden ein real oppsving. Veksten i salet gjorde det mogeleg å auke produksjonen med over sju prosent. Storfekjøt auka med tre prosent, men var likevel langt lågare enn forbruket. For lammekjøt var marknaden prega av overskot for andre år på rad. Dei siste åra har talet på dyr auka og gitt større produksjon, medan salet har gått ned. Det var òg overskot og store lager av svinekjøt.

Stabil import av landbruksvarer, men auka importverdi

Noreg importerte landbruksvarer for om lag 62 mrd. kroner i 2016. Det var ein auke på om lag fem prosent frå året før. Importmengda var derimot om lag uendra frå 2015. Størst er importen av produkt vi ikkje produserer sjølv, som soyavarer og andre råvarer til fiskefôr, tropisk frukt, bær, vin og kaffi.

Trass større forbruk av norske poteter, auka importen med nær 23 prosent i mengde. Større produksjon av storfe-, svine- og lammekjøt bidrog til at importen av kjøt gjekk litt ned. Importen av brød og bakarvarer auka i verdi – det same gjorde importen av mineralvatn og tobakk. Sverige var vår viktigaste handelspartnar. Verdien av import frå utviklingslanda gjekk litt ned frå 2015.

Kontaktperson

Mer om temaet