Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Målpris oppnådd for potet, eple og korn – låg pris på svinekjøt og fleire grønsaker

Målprisane for avtaleåret 2015–2016 blei oppnådd for fleire av dei viktige norske jordbruksvarene. Korn, mjølk, potet og eple oppnådde prisar opp mot målpris og høgare, medan overskot i marknaden ga prisuttak under målpris for svinekjøt.

Korn og jordbær

Landbruksdirektoratet gir ut Målprisrapport 2015–2016, der pris- og marknadsutviklinga for målprisvarene og andre viktige norske jordbruksvarer i avtaleåret 2015–2016 blir vurderte.

Prisane på kveite til mat og bygg gjekk over målprisen
Dei gjennomsnittlege noteringsprisane på både kveite til mat og bygg enda over målpris for. Årsaka til overnoteringane for dei to kornsortane var at det blei levert meir korn i periodane med høg pris enn det som var venta. Store kornavlingar gjorde det mindre naudsynt å importere korn til fôr enn i året før. Prisane for rug, havre og oljefrø enda på målpris.

Undernotering for svinekjøt – mjølk eit øre under målpris
I jordbruksavtalen for 2015–2016 blei målprisen for svinekjøt auka med 70 øre frå nivået dei siste tre avtaleåra. I 2015 var marknaden for svinekjøt i balanse, men utover i 2016 oppstod eit nytt overskot i marknaden, og det blei ikkje rom for å ta ut målprisen. Den oppnådde prisen på svinekjøt i perioden enda 21 øre under målpris. For mjølk enda prisen eitt øre under målpris for perioden.

Potet, eple og fleire grønsaker oppnådde prisar over målpris
I grøntsektoren var det stor skilnad mellom dei ulike varene på i kva grad målprisane blei oppnådd. Små avlingar ga høge prisar på eple, der ein nådde ein pris på 77 øre per kg over målpris. Ei lita norsk potetavling, mangel på potet i Europa og høge importprisar ga òg ein pris over målpris for potet. Prisane på gulrot, knollselleri, kepalauk og rosenkål nådde òg over målpris.

Stort utbod av blomkål og isbergsalat ga prisar under målpris for desse varene. For tomat, purre, kvitkål og agurk enda prisane òg under målpris for 2015–2016.

Låge prisar på egg, lam og kylling
Overskot og krevjande marknadssituasjon ga låge prisar på fleire av jordbruksvarene som ikkje har målpris. Planlagd gjennomsnittleg engrospris for lam blei sett ned med 90 øre midtvegs i 1. halvår 2016 på grunn av overskot i marknaden. Samstundes enda prisen på kylling 78 øre under referanseprisen for 2015–2016. Planlagd gjennomsnittleg engrospris for egg blei sett ned frå 1. juli 2015, og låg uendra i 1. halvår 2016. Marknadane for både egg og kylling ser ut til å betre seg i 2016. 
 

I Målprisrapport 2015–2016 kan du lese meir om pris- og marknadsutviklinga for målprisvarene og andre sentrale norske jordbruksvarer i 2015–2016.

Mer om temaet

Ordforklaringer