Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mjølk nådde målpris, variabelt for grønt og korn

Mjølk nådde målprisen for avtaleåret 2017–2018. Overskott i marknaden for svinekjøt gjorde at målprisen ikkje vart teken ut. For kveite, bygg og oljefrø enda noteringsprisen eitt øre under målprisen, medan målprisen vart nådd for havre.

melk (Copyright: Colourbox.com)

 

I grøntsektoren vart målprisen for avtaleåret oppnådd for fire av ti grønsaksslag, samt for eple og potet.

I Målprisrapport 2017–2018 har Landbruksdirektoratet vurdert pris- og marknadsutviklinga for målprisvarene og andre sentrale norske jordbruksvarer i avtaleåret som gjekk.

Ingen avvik frå målprisen for mjølk
For mjølk enda den akkumulerte noteringsprisen for avtaleåret 2017–2018 på kr 5,41 per liter, som var likt med målprisen. Det vart levert 1 506 mill. liter mjølk frå ku og geit, 20 mill. liter mindre enn i avtaleåret 2016–2017.

Varierande for korn og oljefrø
Kveite, bygg og oljefrø enda opp med ein akkumulert noteringspris som var eitt øre per kg lågare enn målprisen. For havre vart målprisen oppnådd, medan det vart ei overnotering på eitt øre per kg for rug. Produksjonen av korn og oljefrø gjekk ned ein prosent frå 2016–2017, men var samstundes ni prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Andelen matkveite var 34 prosent lågare enn året før.

Målprisen ikkje oppnådd for svinekjøt
Mykje svinekjøt i marknaden gjorde det vanskeleg å ta ut målprisen. Det var overskott i marknaden i starten av avtaleåret, og dette auka i løpet av perioden. Den akkumulerte noteringsprisen for 2017–2018 enda 83 øre under målprisen på kr 32,43 per kg.

Målpris oppnådd for eple, potet og fire av ti grønsaker
I grøntsektoren er det målpris for ti grønsaker, samt potet og eple. Lauk, rosenkål, gulrot og knollselleri oppnådde høgare akkumulert noteringspris i marknaden enn målprisen for 2017–2018. Samstundes var det låge prisar på mellom anna blomkål, tomat og purre.

Eple hadde ein akkumulert noteringspris over målpris hausten 2017. Det gav eit verdiuttak i marknaden som var høgare enn kva målprisen skulle tilseie.
Den akkumulerte noteringsprisen for potet enda opp 30 øre per kg over målprisen. Normale avlingar gav høgare pris samanlikna med året, før da avlingane var store.

Prisuttak for kjøt
Storfekjøt og lammekjøt er det ikkje målpris på. Prisuttaket for storfekjøt i siste halvåret var 41 øre lågare per kg enn den planlagde gjennomsnittlege engrosprisen (PGE) som marknadsregulator Nortura fastset. For lammekjøt var den akkumulerte noteringsprisen 82 øre per kg under PGE, medan noteringsprisen for egg var 10 øre lågare per kg enn PGE. Kylling oppnådde ein noteringspris 26 øre lågare per kg enn referanseprisen på kylling for avtaleåret 2017–2018.

Målprisrapporten for 2017–2018 kan du lese her.

Kontaktperson

Mer om temaet

Ordforklaringer