Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nye 2017-tal: Norsk landbruk i eit internasjonalt perspektiv

Noreg importerte landbruksvarer for om lag 64 mrd. kroner i 2017. Det er ein auke på 2,6 prosent frå året før. Norsk kjøtproduksjon har auka med 34 prosent frå 2000 til i dag.

Korn i sekk 674x279 (Copyright: Colourbox.com)


Landbruksdirektoratet la i dag fram rapportane Markedsrapport 2017 og Omverdenen til norsk landbruk og matindustri for 2017. Dei to rapportane samanfattar utviklinga i dei norske og internasjonale marknadane for jordbruksvarer i året som gjekk. Rapportane er ein del av Landbruksdirektoratet sine innspel til jordbruksforhandlingane. Omverden-rapporten trekker opp viktige perspektiv som viser korleis norsk landbruk og matindustri blir påverka av verdsøkonomien, valutakursar, Paris-avtalen og EU sin landbrukspolitikk.

Stor kornproduksjon globalt, mykje fôrkorn i Noreg
Etter tre særleg gode kornår, ser den norske produksjonen av korn ut til å bli litt mindre denne sesongen. Kornavlinga i sesongen 2017–2018 er venta å bli på 1 220 000 tonn, som likevel er ein nokså stor avling historisk sett. Som følgje av det våte vêret i haust, vart andelen matkorn i avlinga låg. Det gir auka behov for å importere matkorn.

Etter rekordstor produksjon i 2016-2017 vert det framleis produsert mykje korn på verdsbasis. Dei store avlingane dei siste åra har gjeve store lager. Den internasjonale handelen med korn gjekk opp i 2017, og utgjorde 16 prosent av produksjonen. Verdsmarknadsprisane på kveite var i det store og heile stabile.

Dersom  prognosane om at verdas befolkning er på 10 mrd. I 2050, meiner FAO at veksten i etterspurnaden etter landbruksvarar vil vere på rundt 50 prosent. 90 prosent av produksjonsveksten på korn på verdsbasis vil kome frå auka effektivitet.

Større import av landbruksvarer til Noreg
Noreg importerte landbruksvarer for om lag 64 mrd. kroner i 2017. Det var ein auke på 2,6 prosent frå året før. Importmengda gjekk opp med 2,8 prosent, til nesten 5 mill. tonn. Vi importerer mest av det vi ikkje produserer sjølv, som soyavarer og andre råvarer til fiskefôr, tropisk frukt, bær, vin og kaffi. Sverige og Danmark er dei viktigaste handelspartnarane våre.

Styrka marknadsbalanse for norsk storfekjøt bidrog sterkt til at den importerte mengda kjøtvarer gjekk ned med om lag 20 prosent. Det gode kornåret 2016–2017 ga òg mindre kornimport enn året før. Importen av ost, frukt og bær gjekk derimot opp. Andelen import frå u-land var litt lågare enn i 2016.
Sjølforsyningsgraden i Noreg er på 49,6 prosent. Det 0,6 prosentpoeng meir enn i 2016.





 

 

 

Kontaktperson

  • Seksjon markeds- og prisutvikling Runa HimleTelefon: Permisjon
  • Seksjon markeds- og prisutvikling Trine Thanh HaTelefon: 78606104

Mer om temaet