Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tredobling av kålrotsal før jul

1800 tonn norske poteter forsvinn frå lagra dei siste vekene før jul. Også salet av kålrot, kål, rosenkål, gulrot og lauk går opp.

Prisen på kålrot gjekk litt ned i føre veke, og ligg på kr 7,50 per kg kålrot til produsent. Brorparten av norsk rosenkål blir seld i jula. Det er låge prisar på rosenkål frå EU, og sjølv med tollsats på rundt 9 kroner per kilo er det rimelegare å importere enn å kjøpe norsk. Kvaliteten er derimot ikkje like god for importert rosenkål.

Rosenkål

Butikkane selde ein god del meir hovudkål og raudkål til surkål no før jul. Prisane er høgare enn normalt for årstida på grunn av forventningar om for lite kål utover våren.

Lauken vart overnotert denne veka. Det vil seie at prisen vart høgare enn avtalt i jordbruksavtalen. Viss dette skjer igjen neste veke vil Landbruksdirektoratet vurdere å sette ned tollsatsen på lauk.

Salet av purre, knollselleri, raudbeter, pastinakk og persillerot er stabilt, mens salet av lauk og gulrot også går litt oppover før jul.

Veksthusgrønsaker
Vinterproduksjonen av agurk og tomat går som normalt for årstida dei neste vekene. I vintermørket krev veksthusa mykje strøm til lys for å produsere både agurk og tomat. Produksjonen aukar etter kvart som dagane blir lysare.

Potet
Det selast mykje mandelpotet før jul. Salet av vanlege runde potetar er også litt høgare. Til saman forventar dei store grossistane å selje nærmare 1800 tonn potetar neste veke.

Økologisk
På same vis som for konvensjonelle varar, går salet av økologisk kålrot, potet og gulrot litt oppover fram mot jul.

Kontaktperson

Mer om temaet