Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot frukt og grønt

Plommer

Om du produserer og sel frukt, grønt og bær, kan du søke om distriktstilskot. Du kan også søke om distriktstilskot om du produserer og sel matpotet i Nord-Noreg.

Fruktlager kan få tilskot etter mengd frukt dei har teke imot og sortert. Les meir nedanfor om dei ulike tilskota og ordningane.

  • Distriktstilskot for frukt, bær og grønnsaker

    Har du produsert og seld frukt (inkl. eple og pærer til press), bær, tomatar, agurkar, salatar eller produkt laga av desse varene, kan du få distriktstilskot.

    Du søker på same søknadsskjema som resten av produksjonstilskota.Søknadsfristen er 15. oktober. Du søker om tilskot for frukt og grønt som er produsert og levert same året som søknadsfristen. Produkt som du leverer mellom 15. oktober og 31. desember (etter søknadsfristen), kan du etterregistrere innan 10. januar. Meir informasjon om korleis du søker om distriktstilskot og kva vilkår du må oppfylle.

  • Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Noreg

    Har du produsert matpotet i Nord-Norge og seld potetene eller produkt laga av potetene, kan du få distriktstilskot.

    Du søker på same søknadsskjema som resten av produksjonstilskota. Søknadsfristen er 15. oktober. Du søker om tilskot for matpoteter som er produserte og selde same året som søknadsfristen. Poteter som du leverer mellom 15. oktober og 31. desember (etter søknadsfristen), kan du etterregistrere innan 10. januar. Meir informasjon om korleis du søker om distriktstilskot og kva vilkår du må oppfylle.

  • Omrekningsfaktorer for salat

    I søknaden skal du oppgi tal stk. salat du har levert til godkjent omsetningsledd. Dersom du har fått oppgjøret i kg, i stedet for stk., skal du bruke tabellen under for å finne tal salater du kan føre opp i søknaden og søke tilskot for.

     Kg per stk.Eksempel
    Isbergsalat0,5 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,5= 2 000 stk
    Hodesalat0,13 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,13= 7 692 stk
    Romano, lollo, batavia, ekeblad0,2 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,2= 5 000 stk
    Crispi, hjertesalat, salanova0,15 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,15= 6 667 stk
    Rapidsalat0,11 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,11= 9 091 stk
    Annen salat av arten Lactuca sativa0,13 kg/stk1 000 kg= 1 000/0,13= 7 692 stk

    Dersom du får oppgjør i tal pakninger, er det tal salater i pakninga du skal føre opp i søknaden. Eksempel: Ved salg av pakninger med 2 stk. salater i kvar pakke, skal tal pakninger bli ganga med 2 for å finne tal salater.

  • Omrekningsfaktorer for slangeagurk

    I søknaden skal du oppgi antall kg agurk du har levert til godkjent omsetningsledd. I tabellen under finn du omrekningsfaktorer for å regke om frå ulike enheter til kg.

     

     EnhetKg per enhet
    Slangeagurk1 stk0,360 kg
    Slangeagurk1 kasse10 kg
    Slangeagurk: 24 stk/kasse10 kg/24 stk0,417 kg
    Slangeagurk: 28 stk/kasse10 kg/28 stk0,357 kg
  • Tilskot til fruktlager

    Ein kan gje tilskot til fruktlager til godkjente fruktlager. I grunnlaget for fordeling av midlane brukar ein mengda frukt lageret har teke imot frå føretak (produsentar). Den totale tilskotsramma blir fordelt på dei godkjente fruktlagera proporsjonalt etter fruktmengd teke imot i gjennomsnitt dei tre siste åra, inkludert søknadsåret.

     

    Krav for å få tilskotet

    Ein kan gje tilskot til fruktlager til godkjente fruktlager. For å kunne få tilskot, må fruktlageret ha teke imot i gjennomsnitt 100 tonn frukt frå minst 8 føretak dei siste tre åra.

    Landbruksdirektoratet kan etter søknad godkjenne samarbeidsavtalar mellom mindre fruktlager som grunnlag for rett til tilskot. Fristen for å søkje om dette er 1. juni.

    Minst 90 % av samla mottak av eple og pærer skal vere lagra i regi av fruktlageret og sortert og pakka ved fruktlageret sitt sentralbygg. Dette gjeld ikkje sommareple og eple/pærer som blir leverte til press.

    Landbruksdirektoratet kan godkjenne søknad om leigepakking av eple og pærer ved eit anna fruktlager.

     

    Korleis søkje tilskot?

    Søknadsfristen er 15. februar. Brukt søknadsskjemaet som ligg på venstresida under skjema.

     

    Korleis bli godkjent fruktlager?

    Føremålet med tilskot til fruktlager er å fremme eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetning av frukt.

    For å bli godkjent som fruktlager, må lageret oppfylle krava for å bli godkjent omsetningsledd, som står i forskrift om tilskudd til fruktlager og godkjenning av omsetningsledd :

    • Føretaket må vere registrert i Føretaksregisteret
    • Føretaket må sjølv ha direkte kontakt med leverandørar
    • Føretaket må ha ein administrasjon som kan utføre dei naudsynte oppgåvene for rapportering
    • Rekneskaps- og revisjonsopplegget må tilfredsstille krava til dokumentasjon og kontroll
    • Fakturering/avrekning må skje i føretaket sitt namn
    • Føretaket må disponere tilfredsstillande lokale for behandling og lagring av omsette varer, og må i tillegg disponere naudsynt kjølekapasitet
    • Føretaket må innan 15. februar sende inn årsoppgåver elektronisk, og samstundes sende inn søknad om tilskot til fruktlager og revisjons-/kontrollskjema som skal stadfeste tal på føretak og totalmengd som er levert.

     

    Særskilt for fruktlager:

    • Det må vere inngått avtale med føretak om lagring, sortering, pakking og sal av frukt- og bærproduksjonen deira
    • Fruktlageret skal disponere eit sentralanlegg med lager og naudsynt kjølekapasitet, og utstyr som er naudsynt for lagring, sortering og pakking av frukt og bær. Dersom sentrallageret ikkje har tilstrekkeleg kapasitet, kan lager hos leverandørane inngå som ein del av fruktlageret. Desse lagera skal vere under administrasjon av fruktlagerføretaket, har same krav som sentrallageret og skal vere godkjente av Landbruksdirektoratet. Fristen for å søkje om å bruke leverandørane sine lager er 1. september.
    • Fruktlageret skal ta del i lagerprogram og regulering av marknaden
    • Fruktlageret må gje opp lagerbehaldning, varekvalitet og sorteringsfordeling når Landbruksdirektoratet krev det.

     

  • Prisnedskriving av potetsprit og potetstivelse

    Føremålet med ordninga er å sikre avsetning av norskproduserte avrenspoteter. Ein kan gje prisnedskrivingstilskot etter satsane i jordbruksavtalen til produsent av rektifisert potetsprit eller potetstivelse. Eit krav er at dei tilbyr minimum treårig avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetningsledd i marknadsordninga for poteter.

    Sjå Avrensordninga for poteter (i venstre kolonne).