Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avgifter kjøt og egg

Det er avgiftsplikt knytt til produksjon og omsetning av kjøt og egg. Landbruksdirektoratet har ansvar for å krevje inn omsetningsavgift og forskingsavgift for kjøt og egg. For kjøt levert til slakteri og egg leverte til pakkeri, er det slakteri og pakkeri (forhandlarane) som krev inn avgiftene frå produsenten på vegne av Landbruksdirektoratet. For egg som er rapporterte til Landbruksdirektoratet etter direktesal, krev direktoratet inn avgiftene ved å motrekne i utbetaling av pristilskot. Dersom produsenten ikkje får pristilskot, blir avgiftene kravde inn ved årleg faktura til produsenten. Dette siste gjeld også leigeslakt/momsfri retur av kjøt.

  • Hjemmel og klageadgang

  • Omsetningsavgift

    Produsentar pliktar å betale omsetningsavgift for kjøt og egg dei omset til forhandlar. Avgifta blir regulert av forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk 29. juni 1999 nr. 763.

    Ved levering av kjøt eller egg til forhandlar, blir omsetningsavgifta kravd inn av forhandlar ved at avgiftsbeløpet blir trekt i oppgjeret til produsenten. Det er den faktiske leveransen frå produsent til forhandlar som skal liggje til grunn for avgifta. Forhandlaren skal kvar månad betale innkravde avgifter frå produsentane for føregåande månad til Landbruksdirektoratet.

    Ved leigeslakt av kjøt og direktesal av egg utan bruk av pakkeri, skal produsenten på basis av ei samla oppgåve over produsert mengd for føregåande år, betale omsetningsavgift til Landbruksdirektoratet. For eggprodusentar blir avgifta kravd inn ved motrekning i utbetaling av tilskot. Dersom produsenten ikkje får tilskot, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura. For produsentar med leigeslakt/momsfri retur av kjøt, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura.

    Omsetningsavgifta for kjøt og egg finansierer tiltak som fremmar omsetninga. Avgiftene går inn i dei respektive fonda for omsetningsavgift for kjøt og egg, og blir brukte til finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsarbeid. Avgiftsmidlane kan berre bli brukte til å fremme omsetning av dei respektive varene.

    For omsetningsavgifta på korn og på kjøt av gris, sau/lam og storfe/kalv er omsetningsavgifta fastsett som ein maksimalsats. Omsetningsrådet sitt arbeidsutval kan ved behov endre avgifta innanfor denne øvre grensa gjennom året.

    Les meir om Omsetningsrådet.

    For fleire detaljar om omsetningsavgifta, sjå forskrift om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.

  • Forskingsavgift

    Forskingsavgifta er ei lovpålagd avgift som blir pålagd norskproduserte og importerte landbruksprodukt nytta i produksjon av nærings- og nytingsmiddel. Avgifta har heimel i forskrift 20. desember 2012 nr 1417 om forskingsavgift på landbruksprodukt.

    Forhandlar pliktar å betale forskingsavgift på landbruksprodukt han får frå produsent og som blir nytta til erversmessig behandling eller framstilling av nærings- og nytingsmiddel. For forhandlarar som formidlar pristilskot, blir forskingsavgifta motrekna månadleg i refusjonen av pristilskot frå Landbruksdirektoratet.

    Ved leigeslakt av kjøt og ved direktesal av egg utan bruk av pakkeri, skal produsenten på basis av ei samla oppgåve over produsert mengd for føregåande år, betale forskingsavgift til Landbruksdirektoratet. For eggprodusentar blir avgifta kravd inn ved motrekning i utbetaling av tilskot. Dersom produsenten ikkje får tilskot, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura. For produsentar med leigeslakt/momsfri retur av kjøt, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta ved faktura.

    Forskingsavgifta går inn i fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og blir nytta til forsking på landbruksprodukt nytta til produksjon av eller som næringsmiddel.

    Tollvesenet står for innkrevjing av forskingsavgift på importerte produkt. Avgifta utgjer 0,35 prosent av råvareverdien (både på import og norsk produksjon) og kan bli rekna om til ein øresats. På importerte ferdigvarer utgjer avgifta 0,25 prosent av tollverdien.

    Les meir om Forskingsrådet.

    For fleire detaljar om forskingsavgifta, sjå forskrift om forskningsavgift på landbruksprodukter.

  • Kjøtkontrollgebyr

    Mattilsynet krev inn kjøtkontrollgebyr.