Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

9 prosent færre kalkunkyllingar

Klekketalet for kalkunkyllingar var 9 prosent lågare i perioden januar til juli i år samanlikna med same periode i fjor. Klekkinga av slaktekyllingar ligg stadig høgare enn i fjor, men veksten vart dempa i juli.

Kyllinger-gule-på-båndKlekketalet for kalkun i juli var det lågaste hittil i år, med 66 000 klekte kyllingar. Det samla talet frå januar til og med juli er 655 000. Det er 9 prosent færre enn på same tidspunkt i fjor. Talet er venta å auke i august, da ein reknar med at det vil bli klekt over 100 000 kyllingar.

Færre slaktekyllingar i juli
Det vart klekt rundt 5,3 mill. kyllingar av slakterase i juli. Dette er færre enn for eit år sidan, og det samla klekketalet for 2017 ligg no berre 0,2 prosent høgare enn i same periode i 2016. Landbruksdirektoratet prognoserer likevel at produksjonen av kyllingkjøt vil hamne rundt 4 prosent høgare i 2017 enn i 2016.

Høgt klekketall for kylling av verperase i juli
Klekketalet for kylling av verperase var høgt i juli, med 632 000 klekte kyllingar. Det er 15 prosent fleire enn det månadlege gjennomsnittet hittil i år. Likevel ligg det samla talet for januar til juli 7 prosent under tilsvarande periode i 2016.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet