Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Færre klekte kyllingar i 2017

Klekkinga av kyllingar både av slakterase, verperase og kalkunar var lågare i 2017 enn året før, og for kalkunkyllingar var nedgangen spesielt stor.

Kyllinger-gule-på-båndI 2017 vart det klekt 6,9 mill. kyllingar av verperase. Det er ein nedgang på 2,8 prosent frå 2016, då klekkinga var oppe i rekordhøge 7,1 mill. Dei siste åra har vore prega av overskot i eggmarknaden, og Omsetningsrådet har gjeve løyve til førtidsslakting av verpehøner for å redusere overskotet. Marknadsregulator Nortura prognoserer med eit overskot også i 2018, og har igjen fått løyve til førtidsslakting.   

Færre slaktekyllingar, men meir kyllingkjøt
Det vart klekt 68,4 mill. kyllingar av slakterase i 2017. Til samanlikning var talet 71,5 mill. i 2016. Det årlege talet har dermed gått ned med 4,3 prosent. Klekkinga var høgast i 1. halvår, då det låg 3 prosent høgare enn i 1. halvår 2016. I 2. halvår var klekketalet 11 prosent lågare enn året før. Klekkinga blei justert ned då salet i byrjinga av året var lågare enn venta.

Sjølv om klekketalet for året har gått ned, viser Landbruksdirektoratet sine prognosar at mengda slakta kyllingkjøt vil auke i 2017. Forklaringa på dette er at den gjennomsnittlege slaktevekta auka med rundt 100 gram frå 2016 til 2017.

Lågaste klekketal for kalkun på ti år
Klekketalet for kalkunkyllingar gjekk og ned i 2017. Det vart klekt 1 040 000 dyr totalt for året, det lågaste talet på ti år. Til samanlikning var talet 1 240 000 i 2016, 19 prosent høgare.

Norsk Kylling fasa ut kalkunslaktinga si frå mai, og Hugaas Rugeri, som også ligg i Trøndelag, slutta å klekke kalkunkyllingar i juli. Dermed står Baastad kalkun att som einaste aktør med kalkunklekkeri i Noreg.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet