Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lågare klekketal av slaktekylling i 2. halvår

Klekketalet av slaktekylling var høgt i 1. halvår, men har gått ned sidan juli. Klekketalet av verpehøner var høgt i september, og det samla talet for 2017 ser ut til å overstige tala frå fjoråret i løpet av oktober.

Kyllingproduksjon

Klekketalet for kyllingar av slakterase går ned, etter ein auke i byrjinga av året. I 1. halvår vart det klekt 35 mill. kyllingar. Det er 3 prosent fleire enn tilsvarande periode i fjor. Frå juli til september vart det klekt 17 mill. kyllingar, ein nedgang på 13 prosent samanlikna med i fjor. Klekketalet totalt for året ser dermed ut til å hamne litt under talet i 2016. Ein prognoserer likevel ein svak auke i mengda slakta kyllingkjøt i 2017, ettersom klekketalet mot slutten av 2016 var høgt, og drog opp talet på slakta kyllingar i januar 2017. 

Høgt klekketal av verpehøne i september
Talet på klekte kyllingar av verperase var høgt i september. 779 000 kyllingar vart klekt, noko som er det høgaste månadlege talet hittil i år. I månadene før september låg klekketalet i gjennomsnitt på 558 000 kyllingar, og frå januar til september vart det totalt klekt 5,2 mill. kyllingar. Ein ventar eit klekketal på over 700 000 også i oktober, og det samla talet for året vil i så fall hamne 2 prosent høgare enn talet i fjor.

14 prosent færre kalkunkyllingar
Klekketalet for kalkun held seg lågt. I september vart det klekt 65 000 kyllingar, og det samla talet hittil i år er 812 000 kyllingar. Det er 14 prosent færre enn i fjor.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet