Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lågare produksjon av slaktekylling i 3. kvartal

Klekketalet for slaktekylling gjekk ned i 3. kvartal, etter å ha lege på eit høgt nivå i byrjinga av året. Klekketalet for kalkun er hittil i år 11 prosent lågare enn i fjor.

Klekkinga av verpehøner ligg lågare enn det har gjort dei siste to åra, men ein ventar likevel overproduksjon av egg framover.

Talet på klekte slaktekyllingar var 5,7 mill. i august, og klekkinga i 3. kvartal ser ut til å hamne rundt 16,5 mill. Til samanlikning var talet i 1. og 2. kvartal høvesvis 18,1 og 17,0 mill. kyllingar. Ein justerer dermed produksjonen av slaktekylling ned, etter at han starta på eit høgt nivå i byrjinga av året. Landbruksdirektoratet prognoserer likevel ein produksjonsauke på rundt 3 prosent for heile 2017 samanlikna med 2016.

Kalkunproduksjonen held seg låg
Samstundes vert det satsa lite på produksjon av kalkunkjøt. Norsk Kylling fasa ut kalkunslaktinga si frå mai, og Hugaas Rugeri, som også ligg i Trøndelag, slutta å klekke kalkunkyllingar i juli. Dermed står Baastad kalkun att som einaste aktør med kalkunklekkeri i Noreg. 

Klekketalet for kalkun held seg derfor lågt. Det vart klekt 92 000 kyllingar i august, og det samla talet hittil i år ligg 11 prosent lågare enn i fjor. Nedgangen er på 21 prosent samanlikna med 2015. I september ventar ein klekking av 65 000 kyllingar, som i så fall er det lågaste månadlege talet i år.

Nedgang i klekking av verpehøner, men for høg produksjon av egg
Klekkinga av kyllingar av verperase held seg på eit lågare nivå enn dei to siste åra. Frå januar til august vart det klekt 4,5 mill. kyllingar, medan talet i tilsvarande periode dei siste to åra låg rundt 4,8 mill. Likevel melder marknadsregulator Nortura, som denne uka kom med si første prognose for 2018, om venta overskot av egg også neste år. Nortura vil derfor truleg søkje om midlar til førtidsslakting av verpehøner også i 2018.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet