Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Låge klekketal for kylling og kalkun i 1. kvartal

Klekkinga av kyllingar av verperase aukar, samanlikna med i fjor. Dermed ligg 2018 an til å bli nok eit år med overskot i eggmarknaden. Samstundes blir det klekt færre kalkunkyllingar og kyllingar av slakterase.

Nyklekte kyllinger med eggeskallTalet på klekte kyllingar av slakterase gjekk ned med 1,6 mill., eller 9 prosent, i 1. kvartal 2018 samanlikna med same periode året før. Ein ventar at talet vil ligge høgare resten av året, slik at det samla talet på klekte kyllingar i 2018 vil hamne om lag på nivå med talet for 2017. I 2017 ble det totalt klekt 68,4 mill. kyllingar av slakterase.

100 000 færre kalkunkyllingar
Det ble klekt 220 000 kalkunkyllingar i 1. kvartal av 2018. Det er ein nedgang på meir enn 100 000 dyr, eller 32 prosent, samanlikna med 1. kvartal 2017. Talet på klekte kalkunkyllingar har gått ned sidan 2. kvartal 2017, då Norsk Kylling fasa ut kalkunslaktinga si.

Fleire verpekyllingar og overskot i eggmarknaden
Talet på klekte kyllingar av verperase (til produksjon av egg til konsum) var 9 prosent høgare i 1. kvartal 2018 enn i same periode året før. Ein ventar og eit høgt klekketal i april, slik at det samla vil bli klekt rundt 2,3 mill. kyllingar av verperase i 1. tertial. Tilsvarande tal for 1. tertial 2017 var 2,1 mill. kyllingar.

Nortura kom i mars med ei oppdatert prognose for 2018. Prognosen viser eit overskot på 270 tonn egg totalt for året. Dette er etter at tilførselen er redusert med vel 540 tonn ved hjelp av planlagt førtidsslakting av verpehøns.

Sjå heile klekkestatistikken her.

 

Kontaktperson

Mer om temaet