Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mange norske lam til slakt i år

I september vart det slakta noko færre lam enn i same månad i fjor, men det går mot produksjonsauke for året. På New Zealand vil truleg både produksjonen og eksporten av saue- og lammekjøt auke den komande sesongen.

Saueflokk i vei.  Foto: Vera Gjersøe

Nortura venter no at produksjonen av saue- og lammekjøt vil gå opp med vel to prosent i 2017.

Statistikk frå Animalia ved utgangen av september syner at det så langt i 2017 er slakta vel 703 000 sau og lam, om lag 8 000 fleire dyr enn på same tid i fjor. Hittil i haust ligg derimot slaktinga eit lite stykke bak nivået frå fjoråret. Medan det vart slakta fleire lam i august i år enn i fjor, syner den førebelse slaktestatistikken at det vart slakta om lag 23 400 færre lam i september i år.

Auka slakting gjev mykje lam på reguleringslager
I den siste marknadsprognosen frå marknadsregulator Nortura ser det ut til at produksjonen av saue- og lammekjøt vil gå opp med vel to prosent i 2017, til bortimot 26 000 tonn. Landbruksdirektoratet sine tal frå søknadar om produksjonstilskott syner at det var om lag ein prosent fleire sau og lam ved beiteslepp i år enn i fjor. Nortura ventar samstundes at ein større del av dyra vil bli slakta i år, og at det difor vil bli slakta vel to prosent fleire dyr.

Før slaktesesongen tok til, venta Nortura at slaktevektene for året vil bli om lag som i fjor. Som vanleg har beiteforhalda variert rundt om i landet, og Animalia sine tal viser at middels slaktevekt for september låg på 19,6 kg, ein halv kilo under fjorårsvektene.

Året 2017 ser ut til å gå i balanse mellom tilførslar og sal av lammekjøt. Salet hittil i år rommar ikkje berre produksjonen i år, men òg om lag 3 200 tonn saue- og lammekjøt som låg på reguleringslager ved inngangen til året. Med auka slakting i haust vil det difor truleg byggje seg opp eit nytt reguleringslager på om lag 3 000 tonn.

Overskott av lammekjøt gjev liten import
Sidan slaktesesongen 2015 har det vore overskott i marknaden for saue- og lammekjøt, og det har difor ikkje vore naudsynt med import. Handelsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at det er importert om lag 200 tonn lammekjøt dei fyrste åtte månadane i år, det meste innanfor importkvotar. På same tid i fjor var det importert vel 700 tonn lammekjøt, medan importen i perioden januar–august i 2013 var på over 2 800 tonn.

Nortura ventar òg auka produksjon og overskott av saue- og lammekjøt i 2018.

Nytt produksjonsår for lam i New Zealand – ventar marginal eksportvekst
I New Zealand er ein no heilt i starten av eit nytt produksjonsår for lammekjøt. Prognoser frå Beef + Lamb New Zealand, ein bondeeigd industriorganisasjon for småfe- og storfeprodusentar, syner at det kan gå mot ei svak auke i den eksportretta lammeproduksjonen i landet. New Zealand er heilt i verdstoppen for eksport av lammekjøt. 

Ved inngangen til produksjonsåret er det venta at talet på slakta lam vil gå opp med 1,1 prosent den komande sesongen. Det vil truleg gje 0,5 prosent meir lammekjøt til eksport frå New Zealand i sesongen 2017–2018. EU er den største eksportmarknaden for småfekjøt frå New Zealand, medan Kina er det einskilde landet som importerer mest.

Lågare dyretal på dei graskledde øyane
Den venta veksten i produksjonen av lammekjøt på New Zealand ser ut til å kome sjølv om talet på søyer er gått ned frå fjoråret, og det truleg er 1,3 prosent færre lam etter lamminga i år.

Nedgangen i talet på sau og lam er ein del av ein mangeårig trend, som mellom anna skuldast at areala på New Zealand i aukande grad blir nytta til mjølkeproduksjon. Talet på søyer i den eksportretta lammeproduksjonen er gått ned frå om lag 26 mill. i sesongen 2007–2008 til om lag 18 mill. før 2017–2018-sesongen.

Prisutvikling for lam 2016–2017

Figuren syner utviklinga i produsentprisane for lam i New Zealand og Noreg, i tillegg til engrospris i Noreg. New Zealand har verdas største eksportretta produksjon av lam. Prisen frå NZ kan ikkje samanliknast  direkte med norsk produsentpris, men utgjer om lag oppgjerspris til bonde. Verdt å merke seg er det òg at lammesesongen på NZ er motsett av sesongen i Noreg, med lamming frå midten av juli til september, og høgsesong for slakting i månadane etter jul. Kjelde: Nortura og Interest NZ (http://www.interest.co.nz/)
Norsk produsentpris er Nortura sin oppgjerspris til bonden (avrekningspris + omsetningsavgift). Norsk engrospris er Nortura sine prisar ved sal av slakt frå slakteri og vidare i engrosleddet. Lammeprisen frå New Zealand er gjennomsnittleg pris til bonde ved levering av lam til slakteri.




Kontaktperson

  • Seksjon markeds- og prisutvikling Runa HimleTelefon: 78606028

Mer om temaet