Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisras på egg frå EU, stabile prisar på kjøt

Eggprisane i EU er på veg nedover, etter ein kraftig auke i 2017. Internasjonale prisar på kjøt heldt seg stabile i april.

Eggpakkeri (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Prisnedgangen på egg i EU-marknaden heldt fram i april. Prisen har lege på eit høgt nivå etter ein kraftig auke hausten 2017, men prisen har gått ned igjen dei siste månadene. Prisnedgangen i april var sterk og bidrog til at prisen nærma seg nivået for eit år sidan. Vekta gjennomsnittspris for EU gjekk ned med om lag 12 prosent i april, mot ein nedgang på 3 prosent månaden før. Prisnedgangen var størst i Bulgaria og Nederland.

Nok ein månad med små prisendringar for kjøt
FAO (FN sin organisasjon for ernæring og landbruk) sin prisindeks for kjøt gjekk svakt ned i april. Auka eksport frå fleire av dei store produsentlanda i Amerika førte til at verdsmarknadsprisane på storfekjøt gjekk ned frå nivået i mars. Lågare pris på svinekjøt i EU og nedgang i etterspurnaden på verdsmarknaden ga òg ein liten nedgang i svinekjøtprisane som er med i indeksen. Verdsmarknadsprisane på småfe- og fjørfekjøt var stabile. EU-prisane på ung okse såg ut til å gå svakt ned i april.

Prisauke på kveite
Dei internasjonale prisane på kveite fortsette å auke i april. Det er framleis forventningane til den komande kornsesongen som får prisane til å gå opp.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet