Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Tilskot kjøt og egg

Storfeslakt.  (Copyright: Colourbox.com )

Landbruksdirektoratet forvaltar tilskot til produksjon av kjøt og egg. Tilskota blir utbetalte kvar månad via slakteri og eggpakkeri til føretak som produserer kjøt og egg. Tilskotet til frakt av slaktedyr blir utbetalt til slakteria og frakttilskota for transport av egg blir utbetalte til eggpakkeria. Føremålet med pristilskot er å auke inntekter, redusere kostnadar og jamne ut distriktsskilnadar i produksjon og omsetning av jordbruksprodukt.

  • Heimel og informasjon om klageadgang

  • Grunntilskot kjøt

    Føremålet med grunntilskotet er å medverke til å nå mål for inntekts- og produksjonsutvikling i kjøtproduksjonen som ikkje i tilstrekkeleg grad blir sikra gjennom marknadspris. Grunntilskotet skal også gje forbrukaren rimelegare kjøt og kjøtprodukt.

    Grunntilskot blir gjeve til produsent for slakt av sau, lam, geit og kje som er omsett. Momsfri retur og leigeslakt blir også rekna som omsett slakt. Det blir ikkje utbetalt grunntilskot for lam med slaktevekt lågare enn 13 kg. Satsen for grunntilskot er lik over heile landet. Det blir utbetalt ein sats per kg, men satsen varierer gjennom året.

  • Distriktstilskot

    Føremålet med distriktstilskota er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i kjøtproduksjonen som medverkar til å halde ved lag busetnad og sysselsetjing i distrikta ved å jamne ut skilnadar i lønsemda i produksjonen.

    Distriktstilskot kjøt

    Ein gjev distriktstilskot kjøt til produsent for slakt av gris, sau, lam, geit, kje, okse, ku, kvige og kalv som er omsett, jf. forskrift om pristilskot i landbrukssektoren § 4 andre ledd.

    Distriktstilskot blir rekna ut frå tal på omsette kg, inkludert momsfri retur eller leigeslakt, multiplisert med ein sats fastsett i medhald av jordbruksavtalen. Tilskota har ulike satsar fordelte på dyreslag og soner eller fylke. Storfe/kalv, sau/lam, geit/kje og gris får distriktstilskot etter den geografiske plasseringa til driftssenteret. Distriktstilskot kjøt blir utbetalt til kjøtproduksjon som er plassert i sone 2-5. Det blir ikkje utbetalt tilskot til produksjon som er plassert i sone 1.

     

    Krav til karenstid ved flytting av dyr

    Kjøper du gris, små- eller storfe frå ei sone med lågare tilskotssats, blir distriktstilskotet på kjøt rekna ut frå den lågaste tilskotssona ein periode etter at du har kjøpt dyra. Du må ha disponert og fôra fram dyra minimum følgjande periode før slakting for å få distriktstilskot etter sona der du har driftssenter:

    -          2 månader for gris og småfe

    -          3 månader for kalv (dyr opptil 6 månader)

    -          6 månader for storfe (dyr over 6 månader)

    Det er viktig at du registrerer kjøp og sal av dyr i husdyrregisteret og tek vare på dokumentasjon på sal slik at du kan vise at karenstida er halden.

    Landbruksdirektoratet kontrollerer om desse karensreglane blir haldne. Ved brot på reglane kan heile eller delar av utbetalt distriktstilskot bli avkorta og kravd betalt tilbake.

     

    Distriktstilskot egg

    Føremålet med distriktstilskotsordninga for egg er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i eggproduksjonen som medverkar til å halde ved like busetnad og sysselsetjing i distrikta ved å jamne ut skilnadar i lønsemda i produksjonen, jf. forskrift om formidling av pristilskot i landbrukssektoren.

    Distriktstilskotet for egg blir utbetalt til produsentar i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. Produsentar som leverer til listeført eggpakkeri får utbetalt tilskotet gjennom eggpakkeriet. Eggpakkeria sender inn oppgåve til Landbruksdirektoratet kvar månad som dannar grunnlag for utbetalinga av tilskot, sjå forskrift om formidling av pristilskot i landbrukssektoren.

    Produsentar som omset egg direkte, får tilskotet som ei avkorting i innbetalinga av omsetningsavgifta for egg. Produsentane søkjer om tilskot samstundes som dei leverer produsentoppgåva etter at året er omme.

  • Soner distriktstilskot kjøt og driftssenter

    Distriktstilskot kjøt er geografisk differensiert i sone 1 til 5 og blir gjeve i samsvar med ei soneinndeling skildra i vedlegg 3 i jordbruksavtalen. Sonene er synleggjorde i eit digitalt kart, sjå sonekartet.

    Storfe/kalv, sau/lam og geit/kje får distriktstilskot etter driftssenteret si geografiske plassering i sone 2 til 5. Distriktstilskot gris følgjer fylkesinndelinga i Sør-Noreg og sone 4 og 5 i Nord-Noreg. Satsen for tilskotet er kr 0 i sone 1.

    Distriktstilskotet blir utbetalt etter kvar driftssenteret til føretaket ligg. Rett driftssenter er der driftsbygninga er plassert. Har føretaket husdyrproduksjon i fleire driftsbygningar, er driftssenteret den bygninga som står for den største delen av omsetninga til føretaket på årleg basis. Det er den bygninga der dyra høyrer til størstedelen av året som skal vere driftssenter. Har føretaket dyr på setra om sommaren, skal setra ikkje vere driftssenteret.

    Bakgrunn for kjøtsonene

    Det første distriktstilskotet for kjøtproduksjon vart gjeve i form av eit Nord Noreg-tilskot i 1973. Dei følgjande åra fekk fleire delar av landet rett til tilskot, og landet vart delt i ulike tilskotssoner. I 1980 vart Utval for distriktstiltak for landbruket danna som følgje av lokal misnøye med desse sonegrensene. Utvalet hadde som mandat å ta for seg kriteria for fastlegging av sonegrensene for å sikre akseptable soneovergangar. Utvalet kunne også ta stilling til søknadar om endringar i sonegrenser.

    Kjøtsonene slik dei er fastsette av departementet sitt Utvalg for distriktstiltak for landbruket (1980-1999) er samla i vedlegg 3 til jordbruksavtalen. Dette er det juridiske grunnlaget for sonene vi har i dag. Dersom ei justering til høgare sone frå dette utvalet ikkje er gjeven att i vedlegget, kan Landbruksdirektoratet spele inn dette til avtalepartane i neste jordbruksoppgjer. Ein må kunne vise kopi av fastsetjinga.

     

    Varige soner

    Etter jordbruksoppgjeret i 2000 har det ikkje vore høve til å søkje avtalepartane om justering av sone for distriktstilskot kjøt. Landbruksdirektoratet kan ikkje justere sone for eit føretak etter søknad.

    I jordbruksoppgjeret 2004 vart avtalepartane samde om å vurdere ei forenkling av sonegrensene for distriktstilskot mjølk og kjøt. I 2006 leverte arbeidsgruppa rapporten "Forenkling av sonegrenser for distriktstilskudd mjølk og kjøtt.  Arbeidsgruppa konkluderte med følgjande:

    «Arbeidsgruppa kan ikke finne noen måte for omfordeling av midler som er forenlig med ønske om forenkling av regelverk og forvaltning utan at det vil få store økonomiske konsekvenser for enkeltprodusenter.

    Med bakgrunn i dette foreslås det at ordningene distriktstilskudd kjøtt og distriktstilskudd melk videreføres i tråd med dagens praksis. Arbeidsgruppa mener at de eksisterende sonegrensene fortsatt skal holdes uendret, slik flertallet av en partssammensatt arbeidsgruppe kom frem til forut for jordbruksforhandlingene i 2000. Dette innebærer også at forvaltningen ikke kan gi dispensasjon fra bestemmelsene om soneinndeling ettersom dette er fastsatt av avtalepartene.»

  • Ansvar for riktig registrering av driftssenter

    Produsenten er heile tida ansvarleg for at forvaltinga har korrekt informasjon om kvar driftssenteret til føretaket ligg. Koordinatane til driftssenteret er registrerte i Landbruksregisteret på det gards- og bruksnummeret føretaket er kopla til.

    I sonekartet finn produsenten ut om driftssenteret er registrert på riktig bygning og kva for ei sone føretaket ligg i. Sjå rettleiing for korleis ein brukar kartet.

    Feil sone eller feil registrert driftssenter – kva må produsenten gjere?

    • Driftssenteret er markert på feil bygning eller eigedom i kartet. Kontakt kommunen og be dei rette opp feilen i Landbruksregisteret.
    • Driftssenteret er markert på rett bygning i kartet, men ligg i ei anna sone enn den som er brukt i avrekninga frå slakteri. Kontakt Landbruksdirektoratet på telefon eller e-post.
    • Driftssenteret er flytta til ei anna driftsbygning eller eigedom, eventuelt som følgje av at ein annan husdyrproduksjon står for den største omsetninga til føretaket på årsbasis. Kontakt kommunen og be dei endre driftssenteret til riktig driftsbygning i Landbruksregisteret.
    • Dersom endring av driftssenteret også fører til plassering i ei anna sone, ta kontakt med Landbruksdirektoratet, slik at vi kan registrere riktig sone for føretaket.

    Får føretalet utbetalt for mykje distriktstilskot, må føretaket betale tilbake det som er for mykje. Får føretaket utbetalt for lite distriktstilskot, kan ikkje føretaket krevje å få dette etterbetalt.

  • Kvalitetstilskot storfe

    Føremålet med å innføre kvalitetstilskot for storfeslakt, er å stimulere til produksjon av fleire dyr og auka slaktevekter per dyr.

    Ein produsent kan få kvalitetstilskot storfe for slakt av alt storfekjøt med kvalitet O eller betre, med unntak av slaktekategorien ku, jf. forskrift om pristilskot i landbrukssektoren § 4 fjerde ledd.

    Kvalitetstilskot storfe blir rekna ut i frå tal på kg slakt som blir omsett multiplisert med ein sats fastsett i samsvar med jordbruksavtalen. Tilskotet blir utbetalt til produsent via slakteriet.

  • Tilskot til lammeslakt og kjeslakt

    Frå 1. januar 2016 skal slakteria formidle pristilskotet saman med slakteoppgjer til produsenten. Dette tilskotet og tillegget for økologisk lammeslakt blir rekna i kr/slakt.

    For lam gjeld følgjande vilkår: Ein gjev tilskot for lam av kvalitet O eller betre. Det er ulike satsar avhengig av om det er nytta godkjent klassifisør eller ikkje ved slakting. Økologisk lammeslakt skal ha eit tillegg på 20 kr.

    For kjeslakt gjeld: Slakta kje med slaktevekt over 3,5 kg, dvs. kje som veg 3,5 kg får ikkje tilskot.

    Produsentar som leverer lam til slakteri som slaktar under 2000 sau og/eller lam per år, kan få tilskot for lammeslakt, også om slakta ikkje er klassifiserte av ein godkjent klassifisør. Tilskotet blir i slike tilfelle gjeve etter sats tilsvarande gjennomsnittleg klassifisering ved den aktuelle søknadsomgangen.

    Små slakterier som ikkje benytter godkjent klassifisør:
    Berg Gård, Kjelvikveien 71, 7670 Inderøy
    Bransfjell AS, Brekkveien 2607, 7370 Brekkebygd
    DalPro AS, Hammerstaddalen, 7250 Melandsjø
    Hurran Villsau, Sørfrøyveien 246, 7263 Hamarvik
    Husvær Lam, Husvær, 8842 Brasøy
    Kanstadfjord Vestre Hinnøy Reinbeitedistrikt, Postboks 84, 8411 Lødingen
    Larsastova Gardsslakteri, Folkedalsvegen 243, 5736 Granvin
    Trygve Brovold AS, Storgt. 23, 2335 Stange
    Vikja AS, 6893 Vik i Sogn
    Voss Gardsslakteri SA, Selheimsvegen 128, 5706 Voss 
     
    Små slakterier som benytter godkjent klassifisør:
    Bø Gårdsslakteri, Øver-Bø 5, 8400 Sortland
    Strilalam SA, Gamlagjerdet 31, 5357 Fjell
    Øre Vilt SA, Skeidalsvegen 477, 6631 Batnfjordsøra
  • Frakttilskot

    Tilskot til frakt av slaktedyr

    Føremålet med fraktordninga er å jamne ut pris til produsent knytt til transporten av husdyr frå produsent til godkjent slakteri. Ordninga omfattar gris, storfe og småfe. Alle slakteri som er godkjente av Mattilsynet kan ta del i ordninga, sjå forskrift om tilskot for frakt av slaktedyr.

    Frakttilskot til store slakteri, dvs. slakteri som slaktar meir ein 1500 tonn storfe, småfe og gris per år, blir rekna frå kommunesenter til nærmaste slakteri for dei einskilde dyreslaga uavhengig av om transporten skjer til eit anna slakteri. Tilskot til store slakteri blir rekna ut frå tal på storfe, småfe og gris henta per kommune. Satsane er differensierte per kommune og dyreslag. Frakttilskot til store slakteri blir ikkje gjeve for transport innanfor ei nullsone på 50 km rundt kvart slakterianlegg. Tilsvarande gjev ein ikkje tilskot for ferje- og bomkostnadar på strekningar som totalt sett er innanfor denne nullsona.

    Frakttilskot til små slakteri, dvs. slakteri som slaktar mindre enn 1500 tonn storfe, småfe og gris per år, blir rekna som ein gjennomsnittssats basert på tal på dyr henta for kvart einskild lite slakteri. Satsane er differensierte per dyreslag. Det er inga nullsone rundt små slakteri.

    Frå 2016 kan det bli utbetalt frakttilskot til mobile slakteri. Frakttilskotet blir rekna som eit gjennomsnitt av satsane for små slakteri som har sats større enn null.

     

    Frakttilskot på egg

    Føremålet med frakttilskotsordninga er å jamne ut kostnadane ved frakt av egg frå produsent til godkjent eggpakkeri, i tillegg til å bidra til effektiv frakt og til å stimulere til omsetning via listeførte eggpakkeri, jf. forskrift om pristilskot i landbrukssektoren.

    Frakttilskot for egg blir utbetalt til listeførte eggpakkeri for å nedskrive fraktkostnadar ved frakt av egg frå produsent til nærmaste listeførte eggpakkeri. Kommunane i landet er plasserte i ei av 10 soner ut frå avstand frå kommunen sitt sentrum til nærmaste listeførte eggpakkeri. Tilskotssatsen for kvar sone blir fastsett i jordbruksforhandlingane. Grunnlaget for utbetaling av frakttilskot er kvantum egg leverte i kvar kommune.

  • Listeførte eggpakkeri

    For å ha rett til frakttilskot for egg må eit eggpakkeri vere listeført hos Landbruksdirektoratet. Følgjande eggpakkeri er listeførte per 1. januar 2016:

    • Den Stolte Hane AS (Cardinal Foods Ski AS)
    • Jonas H. Meling AS
    • Jæregg AS
    • Toten Eggpakkeri AS
    • Rias Pakkeri AS
    • Nortura SA
      • avdeling Heimdal
      • avdeling Hå
      • avdeling Rakkestad

     

    For eggpakkeri gjeld følgjande:

    • Kriteriet for å ha rett til frakttilskot eller rett til å formidle distriktstilskot, er at eggpakkeriet må ha skriftleg avtale om fast mottak av egg frå minst fire produsentar utanom eiga verksemd, jf. pristilskotsforskrifta § 3 andre ledd, siste setning og formidlingsforskrifta § 3 andre ledd, siste setning.
    • Fast mottak vil seie at levering av egg frå produsent til eggpakkeri skjer etter skriftleg avtale og regelmessig over ein lengre periode. Eggpakkeri som fyller vilkåra kan bli listeførte hos Landbruksdirektoratet. Kravet om listeføring erstattar kravet i dei tidlegare forskriftene om at eggpakkeri må vere godkjente av Landbruksdirektoratet for å ha rett til å ta imot tilskot eller formidle tilskot.
    • Alle eggpakkeria som var godkjente av Landbruksdirektoratet per 1. januar 2009, då dei nye forskriftene tredde i kraft, held på retten til å ta imot og formidle tilskot så lenge dei følgjer krava i forskriftene. Desse eggpakkeria er frå no av omtalte som eggpakkeri listeførte hos Landbruksdirektoratet.
  • Insemineringstilskot

    Landbruksdirektoratet gjev tilskot til utjamning av kostnadane ved sending av sæd og inseminering av storfe og svin. Dette gjer vi for å bidra til å halde kostnadane på same nivå i heile landet.

    Distributørar av sæd frå godkjent avlsorganisasjon kan få tilskot. Søknad om tilskot for inneverande år må sendast til Landbruksdirektoratet innan 15. februar.

    I søknaden skal følgjande dokument vere med:

    • Rekneskap for føregåande år som viser kostnadane innanfor kvart einskild område som blir betent av høvesvis veterinær, seminteknikar eller eigar/røktar.
    • Dokumentasjon på kor mykje tilskotmidlar distributøren har brukt på å jamne ut produsentane sin eigendel i kvart einskild fylke i forhold til det rimelegaste fylket søkjar opererer i.
    • Statistikk som viser tal på førstegongsinsemineringar og insemineringar gjennomførte av veterinær eller semiteknikar, og tal på selde sæddosar til eigarinseminasjon for søknadsåret
    • Prognose for kor mykje tilskotsmidlar det er behov for dersom eigendelen skal kunne bli sett lik dei faktiske inseminasjon- og distribusjonskostnadane i det rimelegaste området distributøren opererer i.

     

    I tillegg skal søkjar kunne dokumentere at det blir gjeve eit likeverdig tilbod til alle brukarar innanfor kvart fylke, og føre oversikt over kva for dyr som er inseminerte med kva for sæd.

    Tilskotsmidlane blir fordelte forholdsmessig mellom søkjarane på bakgrunn av det tilskotsbeløpet distributørane måtte ha fått dersom dei skulle sett produsentane sin eigendel i heile landet lik dei faktiske inseminasjon- og distribusjonskostnadane i det rimelegaste fylket distributøren opererer i.

    For meir informasjon om ordninga, sjå forskrift om insemineringstilskudd.