Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Husdyrkonsesjon kjøt

Glade griser (Copyright: Colourbox.com)

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Ordninga skal leggje til rette for spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar, ved å regulere produksjonsomfanget hjå den einskilde produsent.

  • Om husdyrkonsesjon

    Husdyrkonsesjonsregelverket set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe det er høve til å ha. Slaktegris, slaktekylling og kalkun vert regulert som omsette og slakta dyr, medan høner og avlspurker vert regulert som antall dyr til eit kvart tidspunkt. Avlspurker vert frå 01.01.2020 i tillegg regulert som utrangerte avlspurker. Med utrangerte meines slakta, solgte og destruerte avlspurker. I tabellen under finn du grensene som viser kor stor produksjon det er lovleg å ha utan konsesjon.

    Gjeldande grenser for produksjon utan konsesjon:

    DyreslagKonsesjonsgrenser
    Slaktekylling280 000 omsette/slakta dyr
    Kalkun60 000 omsette/slakta dyr
    Verpehøner7 500 dyr på eit kvart tidspunkt
    Slaktegris2 100 omsette/slakta dyr
    Avlspurker

    105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
    150 utrangerte avlspurker*

    Foredlingsbesetningar

    105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
    438 utrangerte avlspurker*

    Formeringsbesetningar

    105 avlspurker på eit kvart tidspunkt og
    220 utrangerte avlspurker*

    Satellitt i purkering

    53 avlspurker eller 2 100 omsette/slakta slaktegriser

    Nav i purkeringInntil 450 avlspurker i navet og
    1 010 utrangerte avlspurker*

    * konsesjonsgrensene for utrangerte avlspurker trer i kraft frå 01.01.2020

    For å ha ei felles eining på produksjonsomfang for all konsesjonsregulert produksjon, vert tal på dyr rekna om til tal på konsesjonseiningar ved hjelp av fastsette forholdstal pr. dyreslag. Felles konsesjonsfri grense er på 2.100 konsesjonseiningar.

    Ved produksjon utover den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, skal ein betale ei standardisert erstatning for talet på dyr som er produsert ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med opptil 15 % eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjonen det følgjande året. Denne regelen gjeld frå det året produksjonen går over konsesjonsfri grense eller innvilga konsesjon. Om det er levert meir enn 15 % over grensa eitt år, skal det med ein gong reagerast mot den prosentdelen som overstig 15 %.

    All produksjon av konsesjonsregulerte dyreslag på ein eigedom sjåast som samla. Dette tyder at det ikkje er høve til å produsere meir enn 2.100 konsesjonseiningar pr. eigedom dersom det ikkje er innvilga konsesjon for eigedomen. Vidare er det ikkje høve til at eitt eller fleire føretak med konsesjonsregulert produksjon har eigarinteresser eller økonomiske interesser i kvarandre sine produksjonar dersom det samla produksjonsomfanget overstig den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Med økonomiske interesser meiner vi at to eller fleire samarbeider så tett at dei sannsynlegvis har økonomisk gevinst eller fordelar i produksjonen gjennom samarbeidet.

    Det formelle grunnlaget for ordninga er lov 16. januar 2004 nr. 5 om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen og forskrift 1. april 2004 nr. 611 om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen. Det finst utfyllande kommentarar til lov og forskrift i rundskriv 2017-16.

  • Søknad om konsesjon

    Ein konsesjon er ein rett til å produsere eit gitt tal på konsesjonseiningar over den konsesjonsfrie grensa. Det må søkjast om konsesjon, og konsesjonen tilhøyrer alltid eit fastsett gards- og bruksnummer.

    Søkjaren kan få konsesjon dersom han tek over eller leiger anlegg med konsesjonsregulert produksjon, eller dersom det vert etablert purkering. I tillegg er det mogleg å innvilge konsesjon i særskilde høve. Denne heimelen kan likevel kun nyttast der behovet for konsesjon er tungtvegande eller oppstår sjeldan, t.d. ved sjukdom i besetninga eller ved brann.

    Søknad om konsesjon skal sendast til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til fylkesmannen som handsamar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans.

    Konsesjonen fell vekk dersom det dei ti siste åra ikkje har vore inntektsgjevande produksjon av svin eller fjørfe på det gards- og bruksnummeret som konsesjonen høyrer inn under.

    • Skjemaer

      • LDIR-809Søknad om konsesjon ved leie eller overtakelse av anlegg med konsesjonsregulert produksjon

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
      • LDIR-807Søknad om konsesjon ved etablering av purkering

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
  • Søknad om unntak fra konsesjonsplikt

    Det er mogleg å søkje om unntak frå konsesjonsplikta ved overtaking av eigedom ein har odelsrett til, samt ved inngåing av giftarmål eller sambuarskap.

    Ved overtaking av eigedom ein har odelsrett til, kan ein søkje om å vidareføre produksjonen som er etablert på denne eigedomen, til trass for at ein har etablert produksjon på ein anna eigedom frå før. Det er ein føresetnad at produksjonen på den andre eigedomen har vore driven i minst ti år for at ein slik søknad skal kunne bli innvilga. Det kan søkjast om dispensasjon frå tiårskravet, men denne dispensasjonsåtgangen er snever.

    Personar som driv kvar sin svine- eller fjørfeproduksjon og som inngår giftarmål eller sambuarskap, kan søkje om å halde fram med drifta av begge produksjonane på sine respektive eigedomar. Det er ein føresetnad at produksjonen på dei respektive eigedomane har vore driven i minst tre år før ein har inngått giftarmål/sambuarskap, for at ein slik søknad skal kunne bli innvilga.

    Søknad om unntak frå konsesjonsplikta skal sendast til kommunen. Kommunen vil innstille og sende saka vidare til fylkesmannen, som handsamar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans.

  • Søknad om midlertidig konsesjon

    Produsentar som i 2017 eller 2018 selde, slakta eller destruerte fleire avlspurker enn dei nye konsesjonsgrensene som vert gjeldande frå 2020, kan søkje om midlertidig konsesjon. Produsentane har fem år på seg på å redusere talet avlspurker ned til dei nye grensene.

    Det er viktig å søkje om midlertidig konsesjon i god tid før ein overstig konsesjonsgrensen slik at ein har gyldig midlertidig konsesjon frå det tidspunktet ein overstig grensen. Søknadar om midlertidig konsesjon skal sendes til kommunen, som uttalar seg om saken og sender den vidare til Fylkesmannen. Det er Fylkesmannen som behandlar søknaden. Ved søknad om midlertidig konsesjon skal ein nytte skjema LDIR-819.

    Den midlertidige konsesjonen tek utgangspunkt i produksjonen i enten 2017 eller 2018. Berekningane vil vere ulike hos dei ulike besetningstypane.

    1. Smågrisbesetningar og nav i purkeringar
      Dem midlertidige konsesjonen vil basere seg på det høgste talet utrangerte avlspurker frå 2017 eller 2018.
    2. Kombinert-, foredlings- og formeringsbesetningar
      Den midlertidige konsesjonen vil ta utgangspunkt i omsetninga av slaktegris (all gris med levende slaktevekt over 34 kg eller levende vekt over 50 kg) i 2017 eller 2018. Basert på dette talet bereknas kor mange avlspurker produsenten kan utrangere gjennom året.
    • Skjemaer

      • LDIR-819 Søknad om midlertidig konsesjon etter husdyrkonsesjonsforskriften § 9b

        Bokmål:
        PDF ikon
    • Publikasjoner

  • Om foredlings- og formeringsbesetningar

    Produsentar som driv foredlings- eller formeringsbesetningar må melde frå om sin status til Landbruksdirektoratet for å kunne utrangere fleire avlspurker enn øvrige produsentar. For å melde frå om dette skal ein nytte skjema LDIR-818. Skjemaet sendes direkte til Landbruksdirektoratet.

    Viss ei foredlings- eller formeringsbesetning søkjer om midlertidig konsesjon og ikkje allereie har registrert sin status hos Landbruksdirektoratet, må skjemaet sendes inn saman med søknaden om midlertidig konsesjon.

    • Skjemaer

      • LDIR-818 Melding om status som foredlings- eller formeringsbesetning

        Bokmål:
        PDF ikon
  • Omlegging av svine- og fjørfeproduksjon

    Med omlegging meinast overgang frå produksjon av eit konsesjonsregulert dyreslag, til eit anna.

    Produsentar med konsesjon, kan på lik linje med dei utan konsesjon, fritt leggje om frå eit konsesjonsregulert dyreslag til eit anna. Når ein legg om og skal berekne kor mykje ein kan produsere, tek ein utgangspunkt i det opphavlege konsesjonsvedtaket.

    Dersom du har konsesjon og vil leggje om, må du gonge det opphavlege dyretalet i konsesjonsvedtaket med dei forholdstala som gjeld på omleggingstidspunktet. Talet utgjer dei konsesjonseiningar du kan produsere på. Deretter delar du dette talet med forholdstalet for dyreslaget som du skal produsere på. Då veit du kor mange dyr du kan produsere av det «nye» dyreslaget. Vi presiserer at konsesjonen ikkje kan vidast ut dersom du legg om, fordi dyretala i dei opphavlege konsesjonsvedtaka ikkje vil endrast. Regelen er hjemla i forskriftas § 6.

    Berekninga kan visast med følgjande eksempel:

    Ein fjørfeprodusent med konsesjon på 10 000 høner kan i 2015 leggje om til 373 333 slaktekyllingar.

    • 10 000 * 0,28 = 2 800 konsesjonseiningar
    • 2 800 / 0,0075 = 373 333 slaktekyllingar
  • Opplysingplikt og kontroll

    Fylkesmannen har ansvar for å kontrollere at husdyrkonsesjonsregelverket vert overheldt. Produksjon over konsesjonsfri grense eller innvilga konsesjon skal føre til reaksjon. Det er utvikla eigne rapportar i Landbruksforvaltninga sin informasjonsbase (LIB) som skal hjelpe Fylkesmannen i dette arbeidet.

    Produsenten på si side har opplysingsplikt. Opplysingsplikta finn stad etter pålegg frå Fylkesmannen og omfattar mellom anna opplysingar gitt i søknad om produksjonstilskot, likningsoppgåver, gardsrekneskap, bokføring og avrekningar. I tillegg kan Fylkesmannen krevje tilgang til anlegget der det vert drive svine- eller fjørfeproduksjon.

    Konsesjonsplikt vert utløyst dersom produsenten etter pålegg frå Fylkesmannen ikkje kan synleggjere at det vert produsert i samsvar med regelverket. Ein slik omvendt skyldnad skal kun nyttast av forvaltinga når det finst konkrete mistankar om drift i strid med lova.