Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

9 prosent auke i talet på slaktekylling

Klekketala for mars syner framleis auke i produksjonen av slaktekylling, medan klekkinga av kalkun held seg på same nivå som i fjor. Det vart klekt få kyllingar av verperase, og talet i første kvartal ligg 13 prosent lågare enn i fjor.

Nyklekte kyllinger med eggeskall

Det vart klekt nesten 5,9 mill. kyllingar av slakterase i mars. Dette er på nivå med klekketalet for mars i fjor. Hittil i år har det dermed blitt klekt over 18 mill. kyllingar av slakterase. Det er 9 prosent fleire enn for tilsvarande periode i 2016.

Klekketalet av kalkun på 2016-nivå
Klekkinga av kalkun held seg førebels på same nivå som i fjor. 2016 var eit år med nedgang i talet på klekte kalkunkyllingar, etter ei auke i perioden 2013–2015. I 2016 vart det klekt 320 000 kalkunkyllingar i årets tre første månader, medan talet i år er 324 000. Samstundes ventar ein 67 000 klekte kyllingar i april, noko som er 35 prosent lågare enn talet i april i fjor.

Få verpekyllingar i mars, men prognosert overskot av egg
Som venta var det ein nedgang i talet på klekte kyllingar av verperase i mars; det vart klekt om lag halvparten så mange kyllingar som i mars for eit år sidan. Nedgangen kjem etter to månader med høge klekketal i januar og februar. Samanlikna med i fjor har klekketalet hittil i år gått ned med nesten 13 prosent.

Talet på verpehøner er likevel høgt, då det vart klekt mange verpekyllingar i 2016. Nortura skriv i sin siste prognose at overskotet av egg er oppjustert til rundt 600 tonn i 2017.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet