Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Betring, men framleis lite storfekjøt

På den europeiske marknaden aukar prisane på kuslakt, etter ei periode med overskott av mjølk, stor slakting av kyr og låge prisar. I Noreg er perioden med nedsett toll på storfekjøt vidareført i fem veker.

Skjæring-storfekjøtt.  (Copyright: Colourbox.com)


Tollnedsetjinga på heile slakt av storfe er vidareført for fem veker frå tysdag 11. april. Tollsatsen for perioden er sett til kr 24,00 per kg. Det er for lite storfekjøt i marknaden, og kjøtbransjen ventar at etterspurnaden vil vere høg den komande tida. Truleg vil slaktinga av storfe auke etter telledatoen 1. mai, men framleis vil det vere naudsynt å supplere den norske markanden med importert vare.

Nok eit år med stor import av storfekjøt til Noreg
Den nyaste prognosen frå marknadsregulator Nortura syner at det kan bli naudsynt å importere om lag 18 900 tonn storfekjøt i år for å dekkje etterspurnaden i marknaden. Mengda er berekna som heile slakt

Balansen i marknaden er likevel betre enn i 2016. Produksjonen ser ut til å auke med bortimot tre prosent, medan salet kan gå litt ned. I 2016 var den samla importen av storfekjøt til Noreg 21 518 tonn. Dei fyrste tre månadane i år er det importert bortimot 5 400 tonn storfekjøt. Nær 1 300 tonn er importert innanfor kvotar, medan 4 100 tonn er tatt inn til nedsett toll. For lam, svin og kylling er det nok norsk vare til å dekkje etterspurnaden, og importen hittil i år er nokså låg.

Høgare prisar på kuslakt i EU
Sidan midten av februar har prisane på kuslakt i EU auka. Det syner prisnoteringane for storfekjøt frå EU-kommisjonen. I samband med at EU avvikla mjølkekvotesystemet, valde mange mjølkeprodusentar i regionen å avvikle eller skalere ned drifta. Det ga mykje kuslakt i marknaden, og prisane gjekk ned. Tala frå EU-kommisjonen syner at den gjennomsnittlege prisen på ku i EU var om lag sju prosent lågare i 2016 enn året før. Samstundes var snittprisen på ung okse 2,3 prosent lågare. No er det høgare etterspurnad etter kuslakt og betre balanse i marknaden. Det gir høgare prisar.

Pris storfekjøtt 2016-2017

Figuren syner prisutvikling i produsentprisane for storfekjøtt i Danmark, Tyskland, Finland, samt Noreg. I periodar med administrativt nedsett toll, er det spesielt Tyskland vi importerer frå. Prisene kan ikkje samanliknast direkte med norske prisar, men svarar nokolunde til oppgjerspris til bonde.
Kjelde: EU-kommisjonen og Nortura.
Alle prisar er ”ung okse O”. O syner til EUROP-skalaen. Prisane for dansk, tysk og finsk vare er for fettkvalitet 3, som tilseier meir fett på dyret enn prisen for norsk vare, som er for fettkvalitet 2. Ved samanlikning av priser mellom de ulike landa bør ein være merksam på skilnader mellom landa mtp. samansetning av dyr, former for nasjonal støtte og grad av avrekning etter kvalitetsskalaen. Prisane frå EU-kommisjonen er pris inn til slakteri, og inkluderer dermed frakt, medan prisane frå Nortura er oppgjersprisen til bonden (avrekningspris + omsetningsavgift). Alle prisar er oppgitt i NOK. Ein sterk norsk krone vil jamne ut prisauke i euro.


Kjøtskandalen i Brasil får store ringverknadar
I mars kom nyheita om at ein stor skandale har råka kjøtindustrien i Brasil. Ei rekke slakteribedrifter, politikarar og offentleg tilsette er innblanda i svindel, korrupsjon og sal av skjemt kjøt. Fleire produsentar skal ha brukt kjøt med salmonellasmitte i ferdigprodukt, og dei skal ha juksa med eksportsertifikat. Dette skriv den danske bransjeorganisasjonen Landbrug og Fødevarer.

I samband med avsløringane innførte brasilianske styresmakter eksportforbod for kjøtbedriftene som skal vere blanda inn i saka. Fleire land, som Kina, Egypt og Chile, var raske til å vedta eit forbod mot import av kjøt frå Brasil. Dei tre landa har no oppheva forbodet, men nektar framleis å importere kjøt frå visse brasilianske aktørar.

Agra Europe melder at det er stor støtte i EU-parlamentet om den strenge importkontrollen som blei sett i verk da saka frå Brasil blei kjend. Derimot er medlemmane av EU-parlamentet ikkje samde om kva følgjer kjøtskandalen i Brasil skal få for EU sine handelsdrøftingar med det søramerikanske handelssambandet MERCOSUR. Nokre har spurt om ikkje EU bør ta kjøt ut av planen for drøftingane, medan andre meiner ein skandale som gjeld eit fåtal aktørar i eit enkeltland ikkje skal få øydeleggje samtalane med MERCOSUR. Ifølgje Agra Europe skal EU og MERCOSUR nå ein førebels avtale om vilkåra for ein frihandelsavtale mot slutten av året. 

Mer om temaet