Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Full rulle på klekkefronten i januar

Klekketala for alle dei tre kyllingrasane gjekk opp frå desember til januar. For kylling av slakterase var oppgangen på berre 0,8 prosent, medan talet på klekte kalkunkyllingar var 22 prosent høgare i januar enn i desember

Kylling i kyllinghus (Copyright: Grethe Ringdal,  Animalia)

I januar blei det klekt 112 251 kalkunkyllingar, ein auke på heile 22,1 prosent frå desember. Klekketalet var seks prosent høgare enn talet for januar 2016, men lågare enn talet på klekte kalkunar i januar 2015 og 2014.

Det er venta at klekketalet for februar vil gå med 11 prosent, til ca. 100 200 stykk. Men det er ikkje unormalt at klekketala for dei ulike kyllingrasane er litt låge i februar. Klekkeria har vanlegvis to til fire faste dagar med klekking per veke. Med berre 28 dagar i februar, kan det bli færre dagar med klekking enn i dei fleste andre månadane.

Svak auke i talet på slaktekyllingar
Talet på klekte kylling av slakterase gjekk opp med 0,8 prosent i januar, til bortimot 6 305 000 stykk. Klekketallet var dermed 13,5 prosent høgare enn i same månad 2016, men nesten fem prosent færre enn i januar 2015. Klekketalet for februar ser ut til å gå ned med om lag 9 prosent frå januar.

Produksjonen av slaktekylling gjekk opp med 7,4 prosent i 2016, samanlikna med året før. Veksten kom av både ein auke i klekketalet på 4,1 prosent og ein auke i slaktevektene for kylling. Det er venta at veksten i kyllingproduksjonen vil halde fram i år.

 Fleire verpekyllingar i januar
Klekketalet for kylling av verperase auka med 14,2 prosent i januar, til bortimot 622 900 stykk. Det var seks prosent fleire enn i same månad året før, men nesten fem prosent færre enn i januar 2015. Det ser ut til at klekketalet for februar går ned med om lag fem prosent, til om lag 591 300 stykk.

I 2016 blei det balanse i marknaden for egg, etter ein periode med overskott. Den nyaste marknadsprognosen frå Nortura, syner at salet av egg truleg vil auke med oppunder ein prosent i 2017, medan produksjonen vil auke med 2,4 prosent. Det gir ei overdekning på bortimot 370 tonn.

Sjå heile klekkestatistikken her