Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høgare prisar på landbruksvarer i desember

Dei internasjonale prisane på mjølkeprodukt, storfekjøt, egg, kylling, korn og lauk auka i desember. Prisane på gulrot og svinekjøt gjekk ned. FAO sin samla matvareprisindeks for desember var uendra frå november.

Landsbygd Piemonte, Italia (Copyright: Colourbox.com)

Dei internasjonale prisane på mange jordbruksvarer auka i desember.

 

Som snitt for 2016 var verdien på matvareprisindeksen frå FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) 162, ned 2,4 prosentpoeng frå 2015. Det betyr at dei internasjonale matvareprisane i indeksen i snitt var 1,5 prosent lågare enn året før.

Det var femte året på rad at matvareindeksen frå FAO gjekk ned. I 2011 var indeksen 230, som er det høgaste den har vore. Sukker og vegetabilske oljar drog indeksen opp i 2016. Men korn, kjøt og meieriprodukt gjekk ned i pris, og sørga for ein lågare indeks enn året før.

Høgare kornprisar
Dei internasjonale kornprisane gjekk jamt over ned i desember månad, men har så peika oppover i fyrste del av januar. Det er særleg kveiteprisane som har stige, og prisindeksen frå det internasjonale kornrådet, IGC, nådde 10. januar det høgste nivået sidan august. Dårleg vêr i store produsentland og svakare dollar er hovudårsakene til prisauken.

Dyrare storfekjøt, men prisnedgang for svin
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk ned med 1,1 prosent frå november til desember. Sterkast var prisnedgangen for storfe- og småfekjøt, men prisane for kylling og svin fall òg. Den gjennomsnittlege verdien på FAO sin kjøtprisindeks i 2016 låg sju prosent under snittverdien for 2015. Spesielt dei internasjonale prisane på storfekjøt og fjørfe trekte indeksen ned.

I Tyskland gjekk prisane på ung okse klasse O opp i desember, som følgje av at etterspurnaden auka inn mot jula. Den danske prisen på ung okse gjekk òg svakt opp. Både den danske prisen og den gjennomsnittlege EU-prisen på svinekjøt auka i starten av desember, før dei gjekk ned dei siste vekene av året.

Høgare prisar for mjølkeprodukt på verdsmarknaden
FAO sin prisindeks for meieriprodukt gjekk opp med 6,2 prosentpoeng frå november til desember. Låg produksjon i EU og Oceania, kombinert med god etterspurnad i marknaden, gir prisauke, seier FAO. FAOs indeks for meieriprodukt er fire prosent lågare for 2016 samanlikna med 2015. Men prisane har auka i løpet av hausten 2016. Prisane på tysk emmenthaler-ost auka litt, medan prisane på smør, skummamjølkpulver og gouda endra seg lite i desember.

Prisauke for egg og kylling
Den gjennomsnittlege EU-prisen på egg auka med 5,5 prosent i desember. Den største prisauken såg vi i Bulgaria og Nederland, medan prisane i Danmark var stabile. Den gjennomsnittlege prisen på fjørfekjøt i EU gjekk litt opp i desember. Den danske prisen gjekk opp dei første vekene av desember, men heldt seg ikkje ut året. Polske og spanske prisar auka monaleg.

Låg pris på gulrot, lauk viste oppgang
I desember snudde prisen på løk til ein oppgang, medan gulrotprisen var lågare enn på lenge i den tyske marknaden. Tilførslene og kvaliteten er bra i viktige eksportland, men etterspurnaden varierer. Nederland utvider sine areal for lauk endå meir, og i 2016 ga det eksportrekord.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Mer om temaet