Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høge klekketal i februar

Klekketala for slaktekylling og kalkunkylling var høge i februar, og det samla talet for 1. kvartal ser ut til å hamne høgare enn for 1. kvartal 2016. Klekketalet for kylling av verperase var også høgt i februar, men ein ventar lågare klekking i mars.

Kylling. Illustrasjonsfoto: Colourbox.comDet vart klekt nesten 6 mill. kyllingar av slakterase i februar. Det vil seie at det samla talet hittil i år ligg på 12,2 mill. kyllingar, noko som er ein auke på 14 prosent samanlikna med januar og februar i 2016. Det prognoserte talet for mars ligg også høgt, slik at det samla talet for 1. kvartal ser ut til å hamne rundt 10 prosent høgare enn for tilsvarande periode i fjor.

Svak auke i klekketalet for kalkunkyllingar
Det vart klekt 100 000 kalkunkyllingar i februar. Dette er 5,5 prosent fleire enn i februar i fjor. Talet for mars er venta å hamne rundt 111 000, slik at det samla klekketalet for 1. kvartal vil ligge rundt 1 prosent høgare enn for tilsvarande periode i fjor.

Høge klekketal for verpekylling i januar og februar, men venta nedgang i mars
Klekketalet for kylling av verperase var noko lågare i februar enn i januar, men det samla talet for dei to første månadane i år ligg 16 prosent høgare enn for tilsvarande periode i 2016. Prognoserte tal for mars viser ein nedgang på rundt 250 000 kyllingar samanlikna med februar, slik at klekketalet for 1. kvartal mest sannsynleg vil bli omtrent 13 prosent lågare enn i same periode i fjor.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet