Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høgare prisar på landbruksvarer i januar

Dei internasjonale prisane på mjølkeprodukt og kjøt er uendra frå desember. Prisen på sukker auka igjen i januar etter ein nedgang i november og desember. FAO sin samla matvareprisindeks for januar gjekk opp 2,1 prosent frå desember.

Melkeglass og smør.  (Copyright: Colourbox.com )

Matvareprisindeksen frå FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) viser ein auke frå desember til januar på 2,1 prosent. Det er svært store forskjellar mellom dei ulike varegruppene. For kjøt og mjølk er det tilnærma same prisnivå som månaden før, medan prisane på korn og vegetabilske oljer har gått opp med respektive 3,4 og 1,8 prosent. Sukker er den matvaren som har hatt størst prisauke, med heile 9,9 prosent.

Samanliknar vi prisane i januar med same månad i 2016, viser det store endringar. Totalt har indeksen til FAO gått opp med 16,4 prosent. Kornprisane har falt med 1,4 prosent, medan kjøtprisane har auka med 7,9 prosent. Det er meieriprodukt og sukker som dreg den samla prisindeksen oppover, og begge har ein prisauke på over 33 prosent.

2016 var femte året på rad at matvareindeksen frå FAO gjekk ned. Men med den sterke prisauken som har vore i januar, er det muleg at denne trenden vert broten.

Uendra prisar for mjølkeprodukt på verdsmarknaden
FAO sin prisindeks for meieriprodukt i januar 2017 var uendra frå desember 2016. Laber etterspørsel har gjort at trenden med aukande prisar i andre halvdel av 2016 har blitt broten. I Tyskland kan vi sjå ein liten prisnedgang for ost og smør i januar. Skummamjølkpulver gjekk noko opp.

Dei nyaste internasjonale prisane på landbruksvarer finn du i margen til høgre. Landbruksdirektoratet publiserer ikkje grafar og tekstar for prisutviklinga i januar, men kjem tilbake med graf og marknadsomtale neste månad. Statistikk og omtale av marknadsutviklinga i desember finn du er.

 

Kontaktperson

Mer om temaet