Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Ikkje rom for auke i engrosprisen på kjøt i haust

Tollen for storfe er sett ned for ein ny periode frå 15. august. Ny jordbruksavtale inneber ny målprisperiode for svinekjøt. I den internasjonale marknaden er det stor konkurranse om å få eksportere svinekjøt til Kina.

Pattende smågriser 674x279

Det er inga endring i målprisen på svinekjøt frå førre avtaleåret.



Landbruksdirektoratet har sett ned tollsatsen på storfekjøt for to nye veker frå tysdag 15. august. Prisane på ung okse i Tyskland har auka litt den siste tida, og tollsatsen er difor lågare i den gjeldande perioden enn under tollnedsetjinga som enda den 14. august. Under såkalla generelle tollnedsetjingar vert tollsatsen sett lik differansen mellom norsk pris og importpris. Tyskland er landet Noreg importerer mest frå i periodar med nedsett toll for storfekjøt.

Ny målprisperiode for svinekjøt
I jordbruksavtalen 2017–2018 er det fastsett målpris på svinekjøt for perioden 1. juli 2017–30. juni 2018. Målprisen er ikkje endra samanlikna med målprisen for 2016–2017, men blir liggjande på kr 32,43 per kg. Det siste året har det vore overskott av svinekjøt i den norske marknaden, og det var ikkje mogeleg å oppnå målprisen førre avtaleåret. Som følgje av overskottssituasjonen var det heller ikkje rom for å auke målprisen for avtaleåret 2017–2018. Siste prognosen frå marknadsregulator Nortura syner at går mot eit overskot på 1 100 tonn svinekjøt samla for året.

Prisen for svinekjøt 2016–2017

Figuren syner utviklinga i produsentprisane for svinekjøt i Danmark og Noreg. Danmark er blant verdas største eksportørar av svinekjøt. Kilde: EU-kommisjonen og Nortura.
Forklaring til prisane: Norsk pris er Norturas oppgjerspris til bonden (avrekningspris + omsetnadsavgift).
Utvalt vare er svin klasse E, 73,1-75,0 kg. Internasjonal svinepris er pris inn til slakteri, EU-kommisjonen sine noterte marknadsprisar for svin av klasse E i Danmark.

Ingen endringar i planlagd gjennomsnittleg engrospris for storfe og lam
Det er òg fastsett planlagd gjennomsnittleg engrospris (PGE) for storfe- og lammekjøt for andre halvår 2017. Marknadsregulator Nortura har ansvar for å fastsetje prisen for kvart halvår.

For storfekjøt blir PGE for andre halvår 2017 liggjande på kr 60 per kg, det same som i fyrste halvår i år. Sidan slutten av 2015 har det vore overskott av lammekjøt i den norske marknaden. Med den krevjande marknadssituasjonen har Nortura funne det naudsynt å setje ned planlagd gjennomsnittleg engrospris i fleire omgangar sidan fyrste halvår 2016. Prisen for andre halvår 2017 er derimot ikkje endra frå fyrste halvår, og ligg på kr 64,60 per kg. Ved inngangen til 2017 låg det 3 200 tonn kjøt av sau og lam på reguleringslager. Stort sal av saue- og lammekjøt har ført til at reguleringslageret er så å seie tomt når vi no går inn i ny slaktesesong.

Ventar hard kamp om den kinesiske svinemarknaden
I ein fersk rapport ventar Rabobank at ein vil sjå ein aukande internasjonal konkurranse om den kinesiske svinekjøtmarknaden i andre halvår 2017. Rabobank er ein av verdas leiande landbruksbankar. Bakgrunnen for at konkurransen om den kinesiske marknaden blir sterkare er at verdas produksjon av svinekjøt veks, samstundes med at Kina vil importere mindre svinekjøt.

Både aukande produksjon av svinekjøt innanlands i Kina og høge prisar på verdsmarknaden legg ein dempar på importen til landet. Dermed vil USA, EU og Canada, som alle er store eksportørar av svinekjøt, måtte kjempe hardt for å få avsetnad på svinekjøt i verdas største marknad. Tal frå EU-kommisjonen syner at Kina importerte 25 prosent mindre svinekjøt frå EU i perioden januar–mai i år enn i same periode i fjor.

 




Mer om temaet

Ordforklaringer