Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lågaste klekketal på ti år for kalkun

Talet på klekt kalkun i 1. tertial var på sitt lågaste nivå sidan 2007. Samstundes aukar klekketalet for slaktekylling. Klekketalet for kyllingar av verperase låg i 1.tertial 8,7 prosent lågare enn i fjor.

Kalkun Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.comKlekketalet for kyllingar av kalkunrase var spesielt lågt i april, og det samla talet for 1.tertial hamna dermed lågt samanlikna med tidligare år. Frå januar til april vart det klekt 392 000 kyllingar. Det er det lågaste klekketalet for kalkun per 1. tertial sidan 2007. Talet ligg 7,6 prosent lågare enn i fjor, og 14,9 prosent lågare enn i 2015.

Noko av årsaka til at klekketalet for kalkun har gått ned dei siste ti åra er ein høgare slaktevekt per dyr. Dette heng saman med at ein større del av dyra vert brukt til kalkunprodukt som til dømes pålegg, pølser og fileter. Når kjøtet blir brukt til slike produkt kan ein bruke kalkunar med høgare slaktevekt enn ved produksjon av kalkun som skal seljast heil.

Men sidan 2015 har den gjennomsnittlege slaktevekta for kalkun har vore stabil, og nedgangen i klekketala har gitt seg utslag i lågare produksjon av kalkunkjøt.

Oppgang i klekketalet for slaktekylling
Samstundes aukar klekketalet for kyllingar av slakterase. Med 5,2 mill. klekte kyllingar i april, ligg det samla talet for 2017 på 23,2 mill. kyllingar. Det er 5,4 prosent høgare enn for tilsvarande periode i fjor, og 3,3 prosent høgare enn for to år sidan. Talet er likevel ikkje på høgde med rekordåret 2014, då det allereie var klekt 27 mill. kyllingar i 1. tertial.                                                                                                                                      

Lågare klekking av verpehøner
Talet på klekte kyllingar av verperase ligg framleis lågare enn i fjor, hovudsakeleg grunna lågt klekketal i mars. Klekketalet i april var på 576 000 kyllingar. Det er 229 000 fleire enn det som blei klekt i mars. Likevel ligg det samla talet hittil i år 8,7 prosent lågare enn for tilsvarande periode i fjor, og 15,6 prosent lågare enn for to år sidan. Ein ventar eit høgare klekketal for mai månad, med over 670 000 klekte kyllingar.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Kontaktperson

Mer om temaet