Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Liten endring i internasjonale prisar på jordbruksvarer i desember

Dei internasjonale prisane på jordbruksvarer var relativt stabile i desember. Låg handel i julehøgtida gjorde at kornprisane gjekk svakt ned. Prisane på kjøt utvikla seg ulikt, med svak prisnedgang på svinekjøt i EU, medan auka etterspurnad drog opp prisane på ung okse.

Div. kjøtt i disk Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.comDet var god balanse på verdsmarknaden for svine- og fjørfekjøt i desember, og prisane endra seg lite. For storfekjøt syner FAO (FN sin organisasjon for mat og landbruk) sin prisindeks at verdsmarknadsprisane gjekk litt ned i desember. Auka tilførslar både til verdsmarknaden og innanlands i fleire store marknadar bidrog til å trekkje ned prisane. I EU auka prisane på ung okse, i takt med auka etterspurnad opp mot julehøgtida.

Stabile eggprisar i EU
Prisane på egg i EU var stort sett stabile i desember. Gjennomsnittsprisen vart redusert med om lag 2,1 prosent frå november. Den største reduksjonen var i Slovakia, medan mellom anna Italia hadde ein svak auke i sine prisar.

Roleg kornmarknad
Kornmarknaden er roleg på denne tida av året, og handelen gjekk ned i desember som følgje av juleferie. Dei internasjonale prisane på kveite gjekk svakt ned i desember, men auka i byrjinga av januar.

Prisauke på gulrot, stabil pris på lauk
Prisen på tysk gulrot auka svakt i desember, medan prisen på lauk heldt seg stabil.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet