Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Målprisane for korn og mjølk vart oppnådde, variabelt for grønt

Både for mjølk og korn vart målprisane for 2016–2017 oppnådde. Med overskott i marknaden vart derimot ikkje målprisen for svinekjøt tatt ut. I grøntsektoren vart målprisen for avtaleåret oppnådd for fire av ti grønsaksslag, og for eple.

gulrøtter (Copyright: Colourbox.com)

I Målprisrapport 2016–2017 har Landbruksdirektoratet vurdert pris- og marknadsutviklinga for målprisvarene og andre sentrale norske jordbruksvarer i avtaleåret som gjekk.

Ingen avvik frå målpris for korn, oljefrø og mjølk
I jordbruksavtaleåret 2016–2017 var det styringspris for både matkveite og fôrkorn av bygg på grunn av for høge prisuttak i avtaleperioden før. Den samla produksjonen av korn og oljefrø gjekk ned med tre prosent frå 2015–2016, men låg 16 prosent over snittet for den siste femårsperioden. Andelen matkveite var om lag 50 prosent høgare enn året før. Det akkumulerte prisuttaket for alle dei fem målprisvarene i kornsektoren enda likt med målpris/styringspris for perioden.

For mjølk enda òg den akkumulerte noteringsprisen for avtaleåret 2016–2017 likt med målprisen. I alt vart det produsert om lag 1 526 mill. liter mjølk frå ku og geit, to prosent mindre enn i avtaleåret 2015–2016.

Målprisen ikkje oppnådd for svinekjøt
Etter ein periode med balanse i marknaden for svinekjøt, oppstod det eit nytt overskott av svinekjøt i 2016. Målprisen vart auka i Jordbruksavtale 2016–2017, men med mykje svinekjøt på lager var det ikkje mogeleg å ta ut målprisen. Den akkumulerte noteringsprisen for perioden enda 48 øre under målprisen på kr 32,43 per kg.

Som vanleg stor variasjon i grøntsektoren
I grøntsektoren er det målpris for ti grønsaker, potet og eple. For lauk, kvitkål, rosenkål og gulrot vart det tatt ut høgare pris i marknaden enn den akkumulerte målprisen for 2016–2017. Samstundes var det låge prisar på mellom anna purre, knollselleri og tomat. 

For eple låg prisane noko over målprisnivået gjennom store delar av hausten 2016. Det gav eit verdiuttak i marknaden som var høgare enn kva målprisen skulle tilseie.

Prisuttak for målprisvarene for avtaleåret 2017–2017:

Varegruppe

Representantvare

Målpris

Akkumulert prisuttak

Avvik

Korn

Kveite, matkorn

3,16*

3,16

0,00

 

Rug, matkorn

2,82

2,82

0,00

 

Bygg

2,69*

2,69

0,00

 

Havre

2,45

2,45

0,00

 

Oljefrø

5,63

5,63

0,00

Mjølk

Mjølk av ku og geit (liter)

5,38

5,38

0,00

Svinekjøt

Slaktegris

32,43

31,95

- 0,48

Grønsaker

Tomat

18,31

17,14

- 1,17

 

Agurk, stk.

7,57

7,37

- 0,20

 

Kepalauk, > 65 mm

6,84

7,17

0,33

 

Purre

17,74

16,31

- 1,43

 

Kvitkål

7,04

7,06

0,02

 

Rosenkål, 0,4 kg flowpack

14,69

15,96

1,27

 

Blomkål, stk.

9,15

8,14

-1,01

 

Gulrot

8,80

8,91

0,11

 

Knollselleri

16,67

16,26

-0,41

 

Isbergsalat, stk.

9,21

8,74

-0,47

Frukt

Eple

15,54

15,69

0,15

Potet

Potet

4,55

4,46

0,09

*Styringspris


For storfekjøt og lammekjøt, som det ikkje er målpris på, kom prisuttaket i siste halvåret så vidt under den planlagde gjennomsnittlege engrosprisen som marknadsregulator Nortura fastset. Slik var det òg for egg, der prisuttaket vart 16 øre under prisen fastsett av Nortura.

Heile målprisrapporten for 2016–2017 kan du lese her.

Mer om temaet

Ordforklaringer