Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mindre importkjøt på den norske marknaden i år

Med lammekjøt på lager og meir norsk storfekjøt, vil importen av kjøt truleg gå ned i år. Hittil er det importert om lag 20 prosent mindre kjøt enn i same periode i fjor.

Dei nyaste handelstala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) syner at det blei importert om lag 8 020 tonn utilverka kjøt av storfe, svin, sau/lam og kylling i første tertial i år. Det er bortimot 20 prosent mindre enn i same periode i fjor. Medan importen av sau/lam, storfe og kylling er gått ned, er det importert meir svinekjøt.

Import av kjøt i perioden januar–april dei siste tre åra. Tonn

 

2015

2016

2017

Kylling

                           71

                         137

                         119

Sau/lam

                         909

                         588

                           94

Storfe

                      9 073

                      8 538

                      6 953

Svin

                      1 113

                         698

                         857

Totalsum

                    11 166

                      9 962

                      8 023

Tala omfattar alt spiseleg kjøt og slakteavfall for kvart kjøttslag under kapittel 2 i tolltariffen.
Kjelde: SSB

Auka produksjon og mindre sal av storfekjøt
Handelstala syner at det blei importert 6 950 tonn storfekjøt dei første fire månadane i år, mot 8 540 tonn i same periode i 2016. Det er særleg importen til nedsatt toll, frå til dømes Tyskland, som er gått ned. Det heng saman med at underskotet av storfekjøt i den norske marknaden er noko mindre i år enn i fjor.

I den nyaste marknadsprognosen for kjøt ventar marknadsregulator Nortura at produksjonen av storfekjøt vil auke med 2,5 prosent i år, medan salet vil gå ned med 2,1 prosent. Likevel ser det ut til at den norske storfekjøtproduksjon berre vil dekkje 82 prosent av etterspurnaden. Med unntak av ei veke i februar, har tollen for heile/halve storfeslakt vore nedsett sidan inngangen til året for å sikre at det er nok vare på marknaden. Gjeldande tollnedsetjing for storfekjøt står fram til 19. juni.

Norsk-produskjon,-sal-og-import-av-storfekjøt-1999–2016 

I mange år var ikkje auken i talet på ammekyr stor nok til å motverke nedgangen i talet på mjølkekyr. I 2015 snudde
utviklinga. Ein auke i talet på kyr gir grunnlag for vekst i storfekjøtproduksjonen.
Tal i stykk og tonn.
Kjelde: Landbruksdirektoratet/NIBIO, SSB, Totalmarked kjøtt og egg


Sterk auke i salet av lam, likevel stort overskot
Tal frå den nyaste prognosen til Nortura syner at salet av saue- og lammekjøt er på veg opp, etter å ha gått ned dei seinaste åra. I første tertial i år auka salet med bortimot 24 prosent frå same periode i fjor. Ifølgje Nortura kjem salsauken framfor alt av at det er satsa stort på å selje fryst saue- og lammekjøt frå reguleringslageret, som var på 3 200 tonn i starten av året. Det er venta at det samla salet for 2017 vil gå opp med 5,5 prosent.

Samstundes ligg det an til at produksjonen av sau og lam vil auke med bortimot tre prosent. Det inneber at tilførslane framleis vil vere større enn salet. Overskotet for året ser ut til å bli på om lag 1 200 tonn, etter at det er importert lammekjøt innanfor kvotar. Førebelse tal frå søknadar om produksjonstilskot hos Landbruksdirektoratet syner at det var om lag tre prosent fleire sau og lam i starten av 2017 enn eit år tidlegare.

Som for storfe, går importen av saue- og lammekjøt ned. Hittil i år er det importert i underkant av 100 tonn, mot nær 600 tonn på same tid i fjor. I fjor var det mellom anna importert 530 tonn lammekjøt frå Island i første tertial, innanfor deira kvote på 600 tonn per år. I år er det ikkje importert lammekjøt frå Island, men importen av lammekjøt frå New Zealand og Uruguay har auka. Denne importen kjem innanfor WTO-kvota, som er på 206 tonn per år.

Meir importert svinekjøt hittil i år
Importtala frå SSB syner at svin er det einaste kjøtslaget det er handla meir med i år. Dei første fire månadane av året er det importert vel 20 prosent meir svinekjøt enn i same periode i fjor. Nær halvparten av importen på nær 860 tonn er kome innanfor den tollfrie kvota frå EU på 600 tonn svinekjøt per år.

Ifølgje Nortura sin prognose for svinekjøtmarknaden vil både den norske produksjonen og engrossalet endre seg lite i år. Med om lag 0,5 prosent nedgang i tilførslane og ein tilsvarande auke i salet, går det mot eit overskot på 900 tonn.

Framleis låg kyllingimport – produksjonen aukar
Importen av kyllingkjøt er generelt låg. Det skuldast både at den norske produksjonen er stor, og at norsk fjørfehald har ein unik helsestatus. Tala frå SSB syner at importen gjekk ned med 18 tonn i første tertial i år mot same periode i fjor. Importen kjem i all hovudsak innanfor den tollfrie kvoten frå EU, som er på 800 tonn per år.

Etter eit par med nedgang i marknaden for kyllingkjøt, auka salet og produksjonen sterkt i 2016. Veksten i marknaden ser ut til å halde fram i 2017, og legg grunnlag for å auke produksjonen av kylling vidare. Landbruksdirektoratet sine klekketal for slaktekylling syner at det hittil i år er klekt 5,4 prosent fleire slaktekyllingar enn i same periode i 2016.

Relaterte nyheter

Mer om temaet