Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisauke for fleire produkt, framleis prisnedgang for egg

Prisane for meieriprodukt og kveite har auka, medan prisnedgangen på egg held fram i EU. Prisane på kylling aukar i EU, og ligg høgt i høve til andre eksportørar.

Grunna knapt med varer i New Zealand, som er verdas største meierieksportør, viser FAOs prisindeks prisauke for ost, smør og skummamjølkpulver. Prisen på heilmjølkspulver var stabil. Det var også auke i prisane for smør og skummamjølkpulver i EU.

Prisauken på kveite held fram, og samanlikna med same tid i fjor har prisane auka med mellom 6 og 28 prosent.

Prisen på kylling i EU ligg framleis høgt i høve til dei to siste åra, og skilnaden på pris til USA og Brasil har ført til lågare eksport frå EU.
Gjennomsnittlege prisar på gulrot og lauk aukar sterkt i Europa. Prisen på gulrot auka med 27 prosent målt i euro frå april til mai, medan prisen på lauk auka med nærare ni prosent. 

Framleis prisnedgang for egg
Vekta gjennomsnittspris for EU gjekk ned med meir enn seks prosent frå april til mai, og ligg no 1,8 prosent under prisen for eit år sidan.

Mindre endringar i prisane for kjøt
Medan prisane på okse gjekk noko ned i EU frå april til mai, opplyser FAO om stabile prisar og ein balansert marknad. Den gjennomsnittlege EU-prisen for svin viser auke frå april til mai, medan FAO sin prisindeks viser ein prisnedgang.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson