Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Røros Rein fekk pris for formidling av reinkjøt

Røros Rein er kåra til Årets reinkjøttformidler 2016. Juryen har i grunngjevinga si lagt vekt på bedrifta si evne og innsats for å få frem historia bak kjøtet. – Eg vonar prisen motiverer og inspirerer til fortsatt innsats i utviklinga av verksemda, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Flatbiff av rein (Copyright: Markedsutvalget for reinkjøtt)

Prisen vart delt ut under feiringa av Tråante 2017 i Trondheim den 6. februar.

Markedsutvalget for reinkjøtt deler årleg ut prisen "Årets reinkjøttformidler". Landbruksdirektoratet er sekretariat for markedsutvalget. Formålet med prisen er å løfte fram og gi anerkjenning til enkeltpersonar, institusjonar eller bedrifter som gjennom aktiv og gjentatt formidling har medverka til å styrke reinkjøttet sitt positive omdømme.

Du kan lese meir om utdelinga av prisen på regjeringa sine nettsider.

Det vart delt ut fleire prisar på Tråante 2017:

Kontaktperson