Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Stor auke i tala på slakte- og verpekyllingar i 2016

Tala på klekte kyllingar i desember er klare. Dei samla klekketala for 2016 syner at talet på klekte slaktekyllingar auka med vel 5 prosent frå året før, medan det blei klekt 4 prosent fleire kyllingar av verperase. Talet på klekte kalkunkyllingar gjekk ned i 2016.

Det blei klekt 545 254 kyllingar av verperase i desember. Klekketalet gjekk som venta ned med om lag 26 prosent frå november. I heile 2016 blei det klekt om lag 7 102 000 kyllingar av verperase. Det var ein auke på 4 prosent frå 2015, og 1,7 prosent fleire enn i 2014.

Fleire slaktekyllingar og meir kyllingkjøt i 2016
Talet på klekte kyllingar av slakterase auka med 5,6 prosent i desember, til 6 252 968 stykk. Til saman blei det klekt bortimot 71 462 000 slaktekyllingar i 2016. Det er 5,1 prosent fleire kyllingar enn i 2015.

Etter at både salet og produksjonen av slaktekylling gjekk ned i 2015, var det vekst i marknaden for kyllingkjøt gjennom 2016. Det gav rom for å auke produksjonen. Landbruksdirektoratet sin slaktestatistikk syner at det blei slakta 4,7 prosent meir kylling i dei fyrste tre kvartala i 2016 enn i same periode i 2015. Slaktevekta for kyllingen auka med 3,1 prosent i perioden, og var gjennomsnittleg 1,3 kg. Samstundes blei det slakta 1,6 prosent fleire kyllingar.

Produksjonen tok til å auke frå april 2016, etter å ha liggje under nivået frå 2015 dei fyrste månadane av året. Landbruksdirektoratet anslår at produksjonen av kylling for heile 2016 enda på om lag 86 300 tonn, bortimot 8 prosent meir enn i 2015. Veksten i produksjonen ser ut til å halde fram i 2017.

Norsk produksjon av slaktekylling 2013–2016



Færre klekte kalkunkylling i 2016 – stabil produksjon av kalkunkjøt
Klekketalet for kalkunkylling gjekk ned med 6,5 prosent i desember, til 91 930. Til saman blei det klekt om lag 1 236 600 kalkunkyllingar i 2016, bortimot 10 prosent færre enn i dei to åra før.

Slaktealder for kalkun som skal omsetjast som heil kalkun er 80–90 dagar, medan kalkun til industri blir slakta ved 130–140 dagar. Det betyr at det kan ta tid før nedgangen i talet på klekte kalkunkyllingar i 2016 slår ut i lågare produksjon (slakting) av kalkunkjøt. Landbruksdirektoratet sin slaktestatistikk for dei tre fyrste kvartala i 2016 syner at det var slakta 0,3 prosent meir kalkun enn i same periode året før. Talet på slakta kalkunar i perioden var om lag 1,5 prosent lågare enn i same periode i 2015, medan slaktevekta auka med 1,9 prosent.

Sjå heile klekkestatistikken her.

Mer om temaet