Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høg produksjon gjev lågare kornprisar

Etter ein nedgang i dei internasjonale kornprisane på slutten av 2016, gjekk særleg kveiteprisane opp i fyrste delen av januar. Den 10. januar nådde dei det høgste punktet sidan august på prisindeksen frå IGC. Men dei siste to vekene av januar gjekk prisane ned att.

Landbruksdirektoratet har sett prisutjamningsbeløp og nye tollsatsar som gjeld frå 1. februar:

Samtidig er IGC, det internasjonale kornrådet, si prognose for den totale kornproduksjonen i 2016–2017 auka med 10 mill. tonn. Det er ein oppgang på fire prosent, til rekordhøge 2 094 mill. tonn.

Det er ein auke i alle kornproduksjonane som gjer kornåret 2016–2017 til det beste nokon sinne. Det skuldast særleg produksjonen av mais, men bortsett frå for bygg er det venta ein solid auke for dei fleste kornslaga.

Grunna dårleg vêr er det ein nedgang i maisavlingane i Argentina, men den auka produksjonen i Brasil veg opp for dette, og vel så det.
Sjølv om verda også vil ha meir korn, vil det no vere den fjerde sesongen på rad at kornlagra aukar. IGC meiner at handelen med korn vil gå noko ned, grunna lågare etterspurnad frå Kina.

Halvvegs i marknadsåret 2016–2017 ligg den globale kveiteproduksjonen an til å bli nesten 753 mill. tonn, ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet, USDA. Dette er ein auke på over to prosent frå fjoråret.

Kornprisane på verdsmarknaden, samt norsk matkveite og bygg:

Internasjonale kornpriser jan 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.

Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.

Mer om temaet