Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Kviletid i kornmarknaden

Det er rolige tider i den internasjonale kornmarknaden, medan ein ventar på signal om korleis avlingane neste år blir. Dermed har prisane endra seg lite den siste månaden, og det er få endringar i dei generelle tollsatsane for proteinråvarer til kraftfôr. 29. mars held Landbruksdirektoratet ein ekstraordinær auksjon av tollkvotar for fôrkorn.

Korn (Copyright: Colourbox)

 

Her finn du dei nye tollsatsane og prisutjamningsbeløpa for proteinråvarer til kraftfôr:

Kveiteavlingane aukar
Den siste månaden har kornprisane endra seg lite, etter at dei auka ein del like etter årsskiftet. Verdas produksjon av kveite er ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) venta å bli over 751 mill. tonn i kornåret 2016–2017. Dette er høgare enn tidlegare anslag, mellom anna på grunn av større produksjon i både Argentina og Australia. Den store tilgangen har trekt dei internasjonale prisane ned den siste tida, sjølv om dei endra seg lite dei første to vekene i mars.

Internasjonal pris på kornvarer, og norsk

Internasjonale kornpriser mars 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.
Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.

Sør-Amerika leverer
Den samla prisindeksen for korn og oljefrø frå det internasjonale kornrådet (IGC) låg 20. mars fire prosent lågare enn månaden før. Det er særleg prisane på mais og soya som har trekt indeksen ned, mellom anna på grunn av høge avlingar i dei store produsentlanda. I Argentina og Brasil er ein no i gang med å hauste inn den første maisen. Ifølgje mars-prognosen frå USDA blir den samla maisproduksjonen i verda på nesten 1 050 mill. tonn i 2016–2017, og lagera ved slutten av året vil også auke. Soyaproduksjonen er også venta å bli på rekordhøge 340 mill. tonn, etter at anslaga for dei brasilianske avlingane blei justert opp i mars. Innhaustinga i Brasil har no starta, men problem med transporten i fleire område har råka utskipinga av soyaen.

Snart auksjon av importkvotar for fôrkorn
Ifølgje den nye prognosen frå marknadsregulator Norske Felleskjøp, er den norske produksjonen av korn, erter og oljefrø på 1 265 000 tonn i 2016–2017, berre litt lågare enn den gode fjorårssesongen. Det er likevel behov for å importere råvarer til både matmjøl og kraftfôr. Landbruksdirektoratet auksjonerer 29. mars bort tollkvotar for fôrkorn (karbohydratråvarer til kraftfôr) på 30 000 tonn. Les meir om auksjonen og prognosen her.

Norske Felleskjøp har óg sett ned basisprisane på matkveite, bygg og oljefrø frå veke 13, med mål om at samla pris for året ikkje skal overstige målpris. Årsaka er at det blei levert inn meir korn enn venta før jul, da prisen var høg.

Mer om temaet