Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mykje korn, men høgare prisar

Dei internasjonale prisane gjekk opp frå januar til februar. Amerikansk kveite har vore etterspurt, og auka meir i pris enn europeisk. I Sør-Amerika gjer ein seg no klar til å hauste maisen, og forholda ser gode ut. Prisane har difor ikkje auka så mykje som for kveite. Prisane på både soya- og rapsmjøl gjekk opp den siste månaden.

hvete (Copyright: Colourbox.com)

 

Landbruksdirektoratet har sett nye tollsatsar for import av korn innanfor kvotene for matkorn og karbohydratråvarer til kraftfôr, som gjeld frå 1. mars. Dei er oppdaterte med korrigert tollsats for roesnitter mandag 27. februar 2017.
Det er også nye generelle tollsatsar for proteinråvarer og for prisutjamningsbeløp for råvarer til kraftfôr.

Dyrare amerikansk kveite
Dei internasjonale kornprisane gjekk opp i mesteparten av januar, og svinga fram mot siste del av februar. Det var særleg kveiteprisane som auka. 15. februar låg prisindeksen for kveite frå det internasjonale kornrådet, IGC, 9 prosent høgare enn på starten av året. Alle kveiteprisane Landbruksdirektoratet følgjer gjekk opp frå januar til februar, men amerikansk kveite auka mest, som grafen under syner. Det var særleg på grunn av mykje eksport frå USA den siste tida. I siste del av februar fall derimot kveiteprisane igjen, fyrst og fremst fordi det er mykje vare på verdsmarknaden og fordi utsiktane for neste sesong er gode. Av ein total kornproduksjon i verda på 2 077 mill. tonn i 2016–2017, vurderer det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, at kveite vil utgjere 748 mill. tonn.

Mais blir til bioetanol
Maisprisane på verdsmarknaden har halde seg meir stabile enn kveiteprisane den siste tida, men også dei auka litt frå januar til februar. Det kjem mellom anna av at ein i USA satsar meir på produksjon av bioetanol, som nyttar mais som råstoff. Samstundes har innhaustinga no starta i Brasil og Argentina, og forholda ser gode ut. Dette trekk ned prisane. Prognosane frå USDA for 2016–2017 gjev ein samla produksjon i verda på over 1 040 mill. tonn mais, noko som er 80 mill. tonn høgare enn året før. Den høgare produksjonen gir både rom for større forbruk av mais, og noko større lager ved slutten av marknadsåret.

Internasjonale kornprisar febr. 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.
Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivingstilskot.

Snart kjem soyaen
Internasjonale prisar på soya har gått ned frå dei høge nivåa sommaren 2016, men låg i februar nesten 20 prosent høgare enn eitt år tidlegare. Det er framleis vanskeleg å finne parti med GMO-fri soya på den opne marknaden, men om kort tid byrjar innhaustinga av den nye søramerikanske avlinga. Utsiktane for produksjonen er høge, godt hjelpt av fint vêr i både Brasil og Argentina. Prisane på rapsmjøl gjekk også opp frå januar til februar, mellom anna fordi det har vore liten tilgang på rapsfrø den siste tida. I Noreg er både rapsmjøl og soyamjøl mykje nytta som proteinråvarer til kraftfôr.
 
Du kan lese meir om utviklinga i dei internasjonale og norske marknadene for landbruksvarer i dei nyaste rapportane frå Landbruksdirektoratet:

Mer om temaet