Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mykje korn på lager

Den samla kornproduksjonen i verda har vore rekordhøg denne sesongen, ifølgje dei siste prognosane. Dermed ligg det an til at kornlagera blir svært store før det nye marknadsåret byrjar i sommar. I Noreg har den kalde våren gjort at mange har utsett våronna.

Sjekk av kornkvalitet (Copyright: Colourbox.com)

Den gode tilgangen på korn har også bidrege til at prisane fall i april. Prisane på nokre proteinråvarer til kraftfôr var likevel høgare enn månaden før, og Landbruksdirektoratet sette difor ned tollen frå 1. mai.

Det er nye generelle tollsatsar for proteinråvarer og prisutjamningsbeløp for fôr og kraftfôrråvarer frå 1. mai:

Rekordstore avlingar
Det er godt med korn på verdsmarknaden i 2016–2017. Prognosane frå både det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, og det internasjonale kornrådet, IGC, blei heva i april, til høvesvis 2 097 og 2 111 mill. tonn korn denne sesongen. Det er ny rekord, og det er fyrst og fremst den høge maisproduksjonen i Sør-Amerika som har trekt opp tala den siste månaden. Produksjonen av soyabønner, som ikkje reknast som korn, er også den største nokon sinne. Etterspurnaden er også venta å auke samanlikna med i fjor, men det er likevel rom for solide kornlagre på slutten av sesongen. Samstundes ser forholda gode ut for produksjonen i neste sesong. Trass i litt tørke i nokre deler av EU og i Svartehavsregionen, ventar ein gode kveiteavlingar i 2017–2018.

Mykje korn gir lågare prisar
Dei gode avlingane har bidrege til at kornprisane har falle den siste tida. Trass i ein liten auke i slutten av april, ligg kveiteprisane heile sju prosent lågare enn den siste toppen, som var i midten av februar. Prisane ligg likevel høgare enn før årsskiftet, då dei fekk ein kraftig oppsving. Prisindeksane for både mais og soya ligg på si side på det lågaste nivået på eitt år. Det syner prisindeksen frå IGC.

Internasjonale kornprisar april 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.

Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.

Det er venta spenning til USDA si fyrste prognose for neste sesong, som kjem i  mai. Prognosen brukar å påverke prisane. Samstundes er overgangslagera frå inneverande sesong store, og marknaden er difor ikkje like avhengig av kornet frå den kommande sesongen.

Sein våronn i Noreg
Trass i ein mild mars månad, har dei kalde nettene fleire stader i landet gjort at mange utsette våronna. Fleire dagar med snø seint i april bidrog også til dette. Tilhøva ser likevel gode ut for kornet som vart sådd i haust, og så langt ligg det derfor an til eit godt kornår her heime. 

Kontaktperson

Mer om temaet