Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Ny kornhaust og lågare prisar

Kornhaustinga er godt i gang på den nordlege halvkula, og det ligg an til nok eit år med høg produksjon på verdsbasis. Det gjev lågare internasjonale prisar på dei fleste korn- og kraftfôrråvarene frå juli til august, og auka toll på fleire korn- og kraftfôrråvarer frå 1. september.

Kornhøsting (Copyright: Colourbox.com)

For andre året på rad ligg det an til gode kornavlingar, særleg i Europa. Det gjev lågare prisar.

 

For fyrste gong sidan april 2016 blir det også toll på soyamjøl.
Landbruksdirektoratet har sett nye satsar for toll og prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôrråvarer, både generelle og for import innanfor kvote. Satsane gjeld frå 1. september.


Kraftig prisfall på kveite

Mykje av kornet har allereie blitt hausta på den nordlege halvkula. Ifølgje den siste prognosen frå det internasjonale kornrådet IGC, blir den samla kornproduksjonen i verda i 2017–2018 nærmare 2 050 mill. tonn. Det er berre litt lågare enn det rekordhøge fjoråret. Det ligg an til store kveiteavlingar, særleg i Europa, sjølv om det framleis står att ein del på åkrane i Nord-Europa.

Som følgje av dette har prisane falle samanlikna med førre månad. IGC sin prisindeks for kveite låg 24. august ti prosent lågare enn på same tid månaden før. Slike prisfall er vanlege i starten av kornsesongen, når mange produsentar er avhengige av å selje raskt. Stor eksport frå mellom anna Russland og Ukraina, der ein ventar store kveiteavlingar, bidrog også. Det er likevel uvisse om kvaliteten på mykje av kornet, og prisane kan difor endre seg utover hausten når ein kjenner fordelinga mellom mat- og fôrkveite.

Ventar framleis på maisen
Mais er det mest brukte fôrkornet på verdsmarknaden, og den vara det blir handla mest med etter kveite og soya. Dei internasjonale maisprisane gjekk ned frå juli til august, men mindre enn kveiteprisane. Enn så lenge er det berre mais frå i fjor som er tilgjengeleg på marknaden, og ny avling kjem rundt oktober. Etter den svært gode sesongen i 2016–2017, er samla maisproduksjon i verda venta å gå ned med rundt fem prosent ifølgje IGC, til 1 017 mill. tonn. Russland er blant landa som ventar gode avlingar i haust, og med mykje eksport kan russisk mais også bli interessant for Noreg.

Internasjonale kornprisar aug. 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.
Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.


Toll på soya
Sesongen for oljefrø har enda ikkje starta, og i USA blir soyabønnene vanlegvis hausta mellom september og november. IGC sin prisindeks visar at 24. august låg soyaprisane omtrent tre prosent lågare enn månaden før. På grunn av dei høge verdsmarknadsprisane har det dei siste åra, med få unntak, ikkje vore importtoll eller prisutjamningsbeløp (PUB) på soyamjøl til kraftfôr. Etter prisfallet den siste månaden, har Landbruksdirektoratet sett både toll og PUB-sats som gjeld frå 1. september. Ein ventar nok ein rekordproduksjon på verdsbasis, noko som kan presse prisane lenger ned framover. Prisar på GMO-fri soya, som blir nytta i Noreg, er det derimot vanskeleg å få tak i utanom den brasilianske sesongen.

Prisane på andre proteinråvarer, som solsikkemjøl og rapsmjøl, blir påverka av soyaprisane, og gjekk difor også ned i august. Den gode tilgangen på både rapsfrø og rapsmjøl bidrog til å trekkje prisen ned. Den nye solsikkeavlinga kjem først i november, medan rapsfrø blir hausta litt før. Det ligg an til gode rapsavlingar fleire stader, mellom anna i EU og Ukraina.

Mot nok eit godt kornår i Noreg
Her heime er treskinga omsider i gang, og på Austlandet melder mange om både høge avlingar og god kvalitet på kornet. I Trøndelag kjem det første kornet i hus om kort tid. Forholda mange stader i landet har lege til rette for ein god kornhaust samla sett, men det er enno for tidleg å seie noko sikkert. Marknadsregulator Norske Felleskjøp offentleggjorde 15. august den første prognosen for sesongen, der dei legg opp til ein samla produksjon av korn, erter og oljefrø på 1 190 000 tonn. Det er lågare enn i fjor, men likevel fem prosent over femårssnittet. Det er venta meir kveite enn i fjor, særleg av fôrkvalitet, men mindre bygg.

Mer om temaet