Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Prisnedgang på rapsmjøl gjer høgare tollsats

Internasjonale prisar på korn og oljefrø auka stort sett frå mai til juni, ettersom det er lite vare att og usikkerheit rundt avlingane til hausten. Importprisane på rapsmjøl gjekk likevel ned i juni, og tollsatsen aukar for denne varen.

Kornåker (Copyright: Colourbox.com)

 

Det internasjonale kornrådet (IGC) sin prisindeks for korn og oljefrø auka med litt over to prosent frå slutten av mai til slutten av juni. Varmt og tørt vêr i Europa, Svartehavsregionen og Australia har skapa uro rundt haustens avlingar av kveite og bygg. Varmen kjem på eit ugunstig tidspunkt for utviklinga av plantene, og kan påverke kvaliteten på kornet. Det har òg vore usikkerheit rundt avlingane i USA, og til saman har dette bidratt til prisauke på kveite og bygg i juni. I Sør-Frankrike er allereie innhaustinga av kveite i gang, noko som er tidlegare enn vanleg.

Nytt avtaleår i Noreg
Jordbruksavtalen for 2017–2018 trer i kraft 1. juli, og avtalen aukar målprisane på matkveite, bygg, havre og oljefrø. Målprisen på rug står uendra, og det same gjer prisnedskrivingstilskotet (PNS). Her finn du meir om jordbruksavtala 2017–2018.

Nye tollsatsar på proteinråvarer til kraftfôr
Landbruksdirektoratet har sett tollsatsar på proteinråvarer til kraftfôr for juli. Tollsatsen på solsikke- og rapsmjøl går opp, medan tollsatsen på åkerbønner går ned.

Då tollsatsane for proteinråvarer vart fastsett var referanseprisen på soyamjøl for avtaleåret 2017–2018 endå ikkje avklart i jordbruksforhandlingane. I berekninga av tollsatsane for juli tok difor Landbruksdirektoratet utgangspunkt i prisen gjeldande i avtaleåret 2016–2017. No er det bestemt at referanseprisen på soyamjøl skal aukast frå 1. juli 2017, noko som inneber at tollsatsane for juli er sette på eit lågare nivå enn det ville ha blitt dersom den nye referanseprisen hadde blitt lagt til grunn.

Tollsatsane for import av korn innanfor kvotene for karbohydratråvarer til kraftfôr og matkorn for perioden juni-august vart også sette før resultatet av jordbruksforhandlingane var klart, og Landbruksdirektoratet brukte statens tilbod som grunnlag for tollsatsane. Ettersom ikkje alle forslaga til staten vart vedtatt i jordbruksforhandlingane, vart også desse tollsatsane annleis enn dei ville ha blitt dersom dei endelege satsane i Jordbruksavtalen 2017–2018 hadde blitt brukt. 

Lågare oljepris gjer lågare rapspris
EU-kommisjonen sitt organ for overvaking av landbruksvarer (MARS), auka sine prognosar for haustens avlingar av rapsfrø og solsikke i juni samanlikna med mai. Dette bidrog til nedgang i prisen på rapsfrø og rapsmjøl i juni.

I tillegg har oljeprisen gått ned, og dette påverkar også rapsprisen. Rapsmjøl er eit biprodukt ved prosessering av rapsfrø til rapsolje. Mykje rapsolje vert bruka til bioetanol, men med fallande oljepriser, fell og interessa for å prosessere rapsfrø. Dette har bidratt til nedgangen i prisen på rapsmjøl.

Internasjonale kornpriser juni 2017

 Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.

Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.

Ønske om auka produksjon av proteinvekstar i EU
Fleire medlemsland har uttrykt støtte til eit initiativ frå Tyskland og Ungarn om ei «soya-erklæring» for EU, som går ut på at EU skal auke sin produksjon av belgfrukter og soyabønner for å bli mindre avhengig av import av desse produkta. Ein ventar at erklæringa blir signert i midten av juli.

Kontaktperson

Mer om temaet

Ordforklaringer