Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Rekordlåge kornavlingar gir stort behov for å importere

Det er venta at avlinga av matkveite blir berre 55 prosent av avlinga i fjor. Og verre er det for fôrkveiten, som ser ut til å bli berre 20 prosent av fjorårsavlinga. Det syner seg i stort behov for å importere korn.

Flyfoto kornområder i Akershus, tørkesommer 2018_927x370 (Copyright: Landbruksdirektoratet)

Tørka i sommar ga lite korn på åkrane, som her i Akershus.

Den siste prognosen frå marknadsregulator Norske Felleskjøp viser at kornavlinga er venta å bli berre 662 000 tonn korn i år, medan avlinga i fjor var på meir enn 1,2 mill. tonn. Det er likevel noko opp frå førre prognose i september.

Kornproduksjon m prognose 2001-2018 per nov 2018

Produksjon av fôrkorn, matkorn og erter, oljefrø og åkerbønner, 2001-2018. Målt i tusen tonn.
Kilde: Landbruksdirektoratet og Norske Felleskjøp
*Prognose frå Norske Felleskjøp frå november 2018

Auka behov for import
Situasjonen for fôrkorn er mykje vanskelegare enn for matkorn. Dette skuldast delvis at det i fjor var mykje fôrkorn og lite matkorn. For å supplere den norske marknaden er det venta at importkvota for karbohydratråvarer til kraftfôr vil vere om lag 720 000 tonn for heile kornåret. Til samanlikning var den i fjor på i overkant av 200 000 tonn.

Importbehovet for matkorn er venta å bli om lag like stort som i fjor, i overkant av 200 000 tonn. Grunnen til det er at sjølv om det er produsert mindre matkveite i år, vart det i fjor overlagra 36 600 tonn matkveite til i år. Den overlagra kveiten var av ein kvalitet som matmøllene ikkje klarte å bruke opp førre år. Dette gjer at tilgangen på matkveite i fjor og i år blir om lag lik.

Prisauke på importkvotar
Landbruksdirektoratet har nyleg auksjonert ut kvoter for matkorn og råvarer til kraftfôr. Kvota for karbohydratråvarer til kraftfôr vart selt til om lag same pris som ved auksjonen i august. Matkornkvota var meir populær, og gjekk for over 90 kroner per tonn. Til samanlikning gjekk same kvote for under 15 kroner per tonn i august.

Importkvota for mais til dyrefôr frå EU vart utvida med 5 000 tonn til 15 000 tonn frå 1. oktober 2018. I auksjonen steig prisen til heile 91,85 kroner per tonn. Ved dei førre auksjonane har prisen stoppa på 12–13 kroner per tonn.

Dei andre kvotene som vart fordelt var kvotane for import av durumkveite, oljefrø, maisgrits og melasse til dyrefôr.

Nye tollsatsar for korn og kraftfôrråvarer
Landbruksdirektoratet har fastsett tollsatsar for matkornkvota og kvota for karbohydratråvarer som gjeld for desember 2018–februar 2019. Ved førre fastsetjing av tollsatsar var prisane på verdsmarknaden høge, og tollsatsane vart difor låge. Dei høge prisane skuldast mykje uvisse kring storleiken på avlinga i år. Utover hausten roa marknaden seg, og prisane gjekk ned. No er prisane lågare, og tollsatsane blir difor høgare frå desember.

Landbruksdirektoratet har òg fastsett tollsatsar for protein- og fettråvarer til kraftfôr, samt prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôrråvarer:

Avvik i praksis for omrekning til norske kroner i desember
Frå 1. juli 2018 vart alle prisar i anna valuta enn norske kroner rekna om til norske kroner ved bruk av Norges bank sine valutakursar frå den 15. til den 21. i månaden før tollsatsane vart gjeldande. Grunna heilagdagar i desember vil datoane 13. til 19. desember bli brukte som grunnlag for berekning av tollsatsar for januar. Dette gjeld berre berekning av generelle tollnedsetjingar for protein- og fettråvarer og prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôrråvarer gjeldande for januar 2019.

Kontaktperson

Mer om temaet

Eksterne lenker