Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Sesongslutt gir auke i internasjonale kornprisar

Det går mot sesongslutt for fleire kornvarer, og marknaden ser mot prognosane for neste sesong. Dette drar opp dei i utgangspunktet låge internasjonale prisane på korn. I Noreg ligg det førebels an til eit godt nytt kornår.

Grønn kornåker

 

Landbruksdirektoratet har sett nye generelle tollsatsar for proteinråvarer til kraftfôr, og for import av korn innanfor kvotene for karbohydratråvarer til kraftfôr og matkorn. Den siste auksjonen for kornvoter vart heldt 12. mai, der 33 000 tonn råvarer til kraftfôr og 27 000 tonn matkorn vart fordelt.

Prisauke i mai på kveite og soya
Eksportprisane på mange kornvarer har auka den siste månaden, og fleire av tollsatsane går difor ned. Det internasjonale kornrådet (IGC) sin prisindeks for korn og oljefrø auka med rundt to prosent frå april til mai, med auke i prisar på alle underliggande kornsortar. Prisauken skuldast at det fleire stader er lite vare att, samstundes som det er noko uvisse rundt prognosane for neste sesong. Dessutan har den amerikanske dollaren svekka seg mot euro, og dratt opp prisen på varer som blir handla i dollar.

IGC sin prisindeks for kveite auka med nærare tre prosent frå april til mai, men ligg på same nivå som for eit år sidan. Prisauken skuldast at det er lite kveite att i Nord-Europa, samstundes som dårleg vêr skapar bekymring for kornet som er sådd. Plutseleg snø og kaldt vêr i USA kan ha råka kveiten som vart sådd i haust. I tillegg har det vore kaldt vêr i Canada og i delar av EU.

Prisane på mais har vore stabile den siste månaden, medan soyaprisane har stige litt, fyrst og fremst grunna høg etterspurnad mellom anna frå Kina. Innhaustinga er så godt som i mål i dei store produsentlanda i Sør-Amerika, medan bøndene i USA er i ferd med å så.

Prisutviklinga for nokre kornsortar på verdsmarknaden, samalikna med norsk korn

Internasjonale kornprisar mai 2017

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.
Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til frontkontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.


Fleire gode kornår gjer at prisnivået er lågt
Likevel låg IGC sin prisindeks for korn og oljefrø seks prosent lågare enn for eit år sidan. Prisane på korn har generelt gått ned dei siste fire åra, grunna gode avlingar som har gjeve store kornlagre. Sesongen 2016–2017 har ikkje vore noko unnatak; dei seinaste overslaga frå IGC viser ein total kornproduksjon på 2 120 millionar tonn i inneverande sesong. Det er rekordhøgt, og ein auke på fem prosent samanlikna med produksjonen i sesongen 2015–2016.

Sein men god våronn i Noreg
I Noreg ligg det førebels an til eit godt nytt kornår. Det vart sådd mykje haustkorn i 2016, som dei fleste stader har overvintra bra. Ein kald vår har medført sein såing fleire stader, men mesteparten av vårkornet er no i jorda.

Norske Felleskjøp kom i starten av mai med sin siste sesongprognose for kornmarknaden for inneverande kornår. Den viser ein total norsk kornproduksjon på 1 255 000 tonn. Dette er litt lågare enn talet i 2015¬–2016, men ligg 17 prosent over snittet dei siste fem åra.  Det er produksjonen av havre, bygg og matkveite som har auka, medan talet for fôrkveite og rug har gått tilbake.

 

Landbruksdirektoratet inviterer aktørar i kornmarknaden til kontaktmøte 15. juni. Sjå invitasjon her.

Kontaktperson

Mer om temaet