Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Svakare dollar gjev prisauke på proteinråvarer

Landbruksdirektoratet har sett nye tollsatsar på proteinråvarer til kraftfôr for februar. Svekka dollar gjer at etterspurnaden etter mange proteinråvarer aukar. Kornmarknaden er relativt roleg, men dårleg vêr under såing i Argentina drar opp prisen på mais.

Soyaåker Brasil

Dollaren har svekka seg kraftig den siste tida og bidreg til høgare etterspurnad etter proteinråvarer som omsetjast i dollar. Dette gjev igjen prisauke på desse varene. Prisen på soyamjøl auka med om lag ti prosent den siste månaden, men den svake dollaren bidreg til at prisauken ikkje blir like stor målt i norske kroner. Prisen på solsikkemjøl auka med fire prosent, men målt i norske kroner går prisen ned.

Prisnedgangen på solsikkemjøl gjer at tollsatsen på denne varen går opp. Prisen på rapsmjøl auka den siste månaden, og tollsatsen går derfor ned for rapsmjølet. Verdsmarknadsprisen på soya er framleis så høg at tollsatsen er lik null. Sjå tollsatsane for februar på proteinråvarer til kraftfôr i lenka under.

-          Generelle tollnedsetjingar for mjøl og kraftfôrråvarer februar 2018
-          Prisutjamningsbeløp for korn og kraftfôrråvarer februar 2018 (PUB)


Stor produksjon og høg etterspurnad etter soya
Haustinga av årets soyabønner i Mato Grosso er så vidt i gang, og avlinga ser førebels ut til å bli bra. Soyaen frå Brasil plar komme på marknaden i mars. Det internasjonale kornrådet (IGC) prognoserer ein total produksjon av soyabønner på rundt 349 mill. tonn i kornåret 2017–2018, omtrent på nivå med rekordproduksjonen i fjor. Samstundes ser det ut til at handelen med soya vil auke.

Kina er den største importøren av soya i verda, og stod for om lag 65 prosent av all importen i fjor. Ifølge IGC vil Kina importere rundt 100 mill. tonn soyabønner i 2017–2018, noe som i så fall vil vere ein auke på fire prosent frå i fjor. Noreg importerte i 2017 om lag 430 000 tonn soyabønner og 280 000 tonn soyaproteinkonsentrat.

Internasjonale kornprisar januar 2018

Kjelder: International Grains Council og Norske Felleskjøp. Internasjonale prisar er eksportprisar omrekna til NOK med valutakursar for den aktuelle veka.
Amerikansk matkveite: Kveitesorten Hard Red Winter frå USA. Europeisk matkveite: Gjennomsnitt av tysk B-kveite og fransk Grade 1. Matkveite frå Svartehavet er Black Sea Wheat Grade 4. Dei internasjonale kveiteprisane er Free On Board (FOB). Amerikansk mais: FOB Mexicogulfen. Europeisk mais: Sluttkursen til futures-kontrakten på Euronext for veka. Norske prisar er noteringsprisar for veka, korrigerte for handteringskostnadar og prisnedskrivningstilskot.

Dårleg vêr drar opp maisprisen, kveiteprisen går ned
Kornmarknaden er relativt roleg om dagen. IGC rapporterer om god tilgang og sterk konkurranse i eksportmarknaden for kveite, og prisane gjekk svakt ned i januar. Samstundes gjekk dei internasjonale prisane på mais opp, på grunn av logistikkproblem i USA og dårleg vêr i Argentina. Argentina er nyleg ferdig med å så mais for denne sesongen, men tørt og varmt vêr gjer at ein ventar store avlingstap i landet.

Kontaktperson

Mer om temaet