Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Avgifter mjølk

Det er avgiftsplikt knytt til produksjon og omsetning av mjølk. Landbruksdirektoratet har ansvar for å krevje inn omsetningsavgift, forskingsavgift og overproduksjonsavgift på mjølk. For mjølk levert til meieri, er det meieriselskapa TINE og Q-Meieriene som krev inn avgiftene frå produsent på vegne av Landbruksdirektoratet. For mjølk som er rapportert til Landbruksdirektoratet etter lokal foredling, krev direktoratet inn avgifter samstundes med ei eventuell utbetaling av pristilskot for mjølk. For meir informasjon sjå «Lokal foredling mjølk».

  • Heimel og informasjon om klageadgang

  • Omsetningsavgift

    Mjølkeprodusentar pliktar å betale omsetningsavgift for all mjølk dei omset til meieri. Avgifta blir regulert av forskrift 29. juni 1999 nr. 763 om omsetningsavgift på jordbruksvarer, og om overproduksjonsavgift på mjølk.

    Ved levering av mjølk til meieri, blir omsetningsavgifta kravd inn av meieriet ved at avgiftsbeløpet blir trekt i oppgjeret til produsenten. Det er den faktiske leveransen frå produsent til meieri som skal liggje til grunn for avgifta. Meieriet skal kvar månad betale innkravde avgifter frå produsentane for føregåande månad til Landbruksdirektoratet.

    Omsetningsavgifta for mjølk finansierer tiltak som fremmar omsetninga. Avgiftene går inn fondet for omsetningsavgift for mjølk, og blir brukte til finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsarbeid. Avgiftsmidlane kan berre bli brukte til å fremme omsetning av mjølk.

    Les meir om Omsetningsrådet.

    Sjå forskrifta for meir informasjon om omsetningsavgiften.

     

  • Forskingsavgift

    For meieri som formidlar pristilskot, Tine og Q-meieriene, blir forskingsavgifta motrekna månadleg i refusjonen av pristilskot frå Landbruksdirektoratet.

    Forskingsavgifta går inn i fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og blir brukt til forsking på landbruksprodukt nytta til produksjon av eller som næringsmiddel.

    Tollvesenet står for innkrevjing av forskingsavgift på importerte produkt.

    Sjå forskrifta for meir informasjon om forskingsavgifta.

  • Overproduksjonsavgift på mjølk

    For mjølk produsert ut over disponibel kvote, blir det rekna ut overproduksjonsavgift på talet på liter som blir produsert for mykje. Eventuell overproduksjonsavgift blir kravd inn samstundes med omsetningsavgifta og etter dei same reglane.

    Fra 1. januar 2017 er satsen for overproduksjonsavgifta sett til  4,80 kroner per liter mjølk som er omsett ut over den disponible kvota.

    Sjå forskrifta for meir informasjon om overproduksjonsavgifta, sjå forskrifta.

    Mjølk omsett ut over disponibel kvote gjev ikkje rett til pristilskot (grunntilskot til geitemjølk og distriktstilskot til ku- og geitemjølk), sjå vilkåra i pristilskotforskrifta.