Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Lokal foredling mjølk

 Gardsoster fra Eiker, beskjært.  (Copyright: LMD  )

Føretak som ynskjer å produsere mjølk for å foredle den sjølv, eller levere mjølk til eit føretak som driv med lokal foredling, kan søkje Landbruksdirektoratet om lokalforedlingskvote. Ordninga skal bidra til å auke verdiskapinga i mjølkeproduksjonen gjennom å dra nytte av marknadsmoglegheitene for mjølk som vert foredla lokalt.
Foredlingsføretak som mottar mjølk direkte frå produsent, skal rapportere salet sitt av lokalt foredla mjølkeprodukt til Landbruksdirektoratet. Fristen er seinast 1. februar året etter at salet fann stad. Rapporteringa er grunnlag for grunn- og distriktstilskot, minus omsetningsavgift, som mjølkeprodusenten kan få for mjølk levert til lokal foredling.

  • Innanfor lokalforedlingskvote

    Eitkvart føretak kan søkje om lokalforedlingskvote for produksjon av mjølk til lokal foredling dersom mjølka vert foredla på eller i nærleiken av eigedomen der mjølka vert produsert.

    Mjølk produsert innanfor lokalforedlingskvote kan ikkje leverast til meieri. Mjølka kan berre nyttast til lokal foredling av produkt som vert omsett direkte.

    Avgrensingar i produksjonen

    Lokalforedlingskvoten tilsvarer produksjonstaka i kvoteforskrifta § 4 tredje ledd, trekt frå eventuell grunnkvote.

    Dersom fleire føretak leverer mjølk til same foredlingsføretak, kan maksimal lokalforedlingskvote for føretaka til saman utgjere produksjonstaka i kvoteforskrifta § 4 tredje ledd, trekt frå summen av føretaka sine grunnkvotar.

    Overproduksjonsavgift

    Mjølka som er levert ut over lokalforedlingskvote vert ilagt overproduksjonsavgift. Med levert mjølk meiner vi omsett foredla mjølkeprodukt rekna om til liter mjølk. Til omrekninga vert det nytta fastsette omrekningsfaktorar i vedlegg 1 i kvoteforskrifta. Det er den ansvarlege som vert ilagt overproduksjonsavgift. I dei fleste høve vil det vere føretaket som har fått utrekna lokalforedlingskvoten.

    Søknad om lokalforedlingskvote skal sendast på eige søknadsskjema til Landbruksdirektoratet. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama etterkvart som dei vert mottekne.

  • Innanfor mjølkekvote

    Landbrukseigedomar med mjølkekvote har rett og plikt til meierileveranse. Dersom desse eigedomane foredlar heile eller delar av mjølkeproduksjonen lokalt, må dei inngå avtale med TINE om fritak frå leveringsplikta for den mjølkemengda som vert foredla lokalt. Mjølk som vert omsett etter lokal foredling, skal rapporterast til Landbruksdirektoratet. Mjølka vert registrert som leveranse på produsenten si kvote.

    Ved produksjon av mjølk ut over kvote er det mogleg å søkje om lokalforedlingskvote når mjølka vert nytta til lokal foredling.

  • Rapportering av lokalt foredla mjølk

    Føretak som driv med lokal foredling av mjølk skal rapportere mengde foredla og omsett produkt til Landbruksdirektoratet. Den omrekna mjølkemengda er grunnlag for innkreving av omsetnings- og forskningsavgift. Pristilskot kan utbetalast for mjølk som er levert innanfor kvote.

    Det er kun seld vare, og ikkje produsert vare, som skal rapporterast inn på den månaden då varen blei seld. Hovudfristen er 1. februar for heile føregåande år. Ved rapportering gjennom Leveransedatabasen vert også fristane 15. april, 15. juli og 15. oktober tilbodne for dei som ønskjer fleire utbetalingar gjennom året.

    Føretak som rapporterar inn seld brunost skal sende skriftleg dokumentasjon på korleis osten er produsert. Dette fordi det kan vere vanskeleg å velje rett produktgruppe ved rapportering. Skjema for slik dokumentasjon ligg sist i rundskriv om "Pristilskudd og avgifter for melk som foredles lokalt". Føretaket skal sende denne dokumentasjonen til Landbruksdirektoratet ein gong. Dersom produksjonsmåten endrar seg, må føretaket sende inn ny dokumentasjon på nytt.

    For å få utbetalt pristilskot, må foredlingsføretaket oppfylle krava i hygieneforskrifta og animaliehygieneforskrifta (Hygienepakken). Kopi av registrering eller godkjenning frå Mattilsynet skal leggast ved førstegongsrapportering, saman med siste tilsynsrapport som stadfester at verksemda har produksjon. Utbetaling skjer på etterskot.

    Rapporteringa kan skje på to måtar:

    • Elektronisk rapportering i Leveransedatabasen. Send e-post til Landbruksdirektoratet for å få brukarnamn som gjev tilgang til Leveransedatabasen.
    • Rapporteringsskjema, sendt til Landbruksdirektoratet.
  • Hjemmel og informasjon om klageadgang

  • Tilskot og avgifter

    Mjølk omsett etter lokal foredling gjev rett til grunn- og distriktstilskot. Vilkåra i forskrift om pristilskudd må vere oppfylte. Sjå utyllande retningsliner i rundskriv om "Pristilskudd og avgifter for melk som foredles lokalt".

    Sone for distriktstilskot mjølk finn ein ved å søkje på mjølkeprodusenten sitt organisasjonsnummer eller gards- og bruksnummer i sonekartet.

    Omsetnings- og forskingsavgift skal svarast for mjølk som vert omsett som foredla produkt. Mjølk produsert ut over kvote eller lokalforedlingskvote vert ilagd overproduksjonsavgift.

    Føretak med småskala foredling av mjølk skal minst éin gong i året sende samla oppgåve til Landbruksdirektoratet over mengd foredla og selde mjølkeprodukt. Endeleg rapporteringsfrist er 1. februar for omsetninga året før. Rapportering etter denne fristen, gjev som hovudregel ikkje rett til tilskot.

    Pristilskot kan utbetalast til produsent for den omrekna mjølkemengda i oppgåva. For at mjølkeprodusenten skal kunne få tilskot, må foredlingsføretaket ved rapportering stadfeste at vilkåra for produksjon og foredling er oppfylte. Oppgåva dannar også grunnlaget for utrekninga av omsetningsavgift og forskingsavgift.

    Viss produsenten tek imot pristilskot, vert omsetningsavgifta krevd inn ved motrekning i utbetalinga av tilskot. Viss produsenten ikkje tek imot tilskot, krev Landbruksdirektoratet inn avgifta med faktura.

    Les meir om avgifter under Mjølk - Avgifter.

  • Prisutjamningsordninga

    Foredling av mjølk fell utanfor prisutjamningsordninga, med mindre det vert foredla flytande mjølkeprodukt som svarar til meir enn 200 000 liter anvend mjølk eller faste mjølkeprodukt som svarar til meir enn 500 000 liter anvend mjølk.