Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Auke i internasjonale prisar på landbruksvarer i juni

Internasjonale prisar på korn, kjøt, meierivarer og grønsaker auka i juni. Internasjonale prisar på egg auka svakt.

Melkeglass og smør.  Foto: Colourbox.com Dei fleste internasjonale prisane på landbruksvarer som Landbruksdirektoratet følgjer auka i juni. FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer auka òg, hovudsakleg grunna auke i prisane på meieri- og kornvarer.

Tørt vêr gjer høgare pris på kveite
Varmt og tørt vêr i Europa og Nord-Amerika bidrar til prisauke på kveite og bygg. Det internasjonale kornrådet (IGC) sin prisindeks på kveite auka med 12 prosent frå mai til juni, og indeksen var dermed på sitt høgaste nivå sidan juli 2015.

Lite eksportvare aukar prisen på smør
Avgrensa tilgang på eksportvarer i mange av dei største produsentlanda bidrar til prisauken på meierivarer. Prisauken har vore høgast for smør. I Tyskland har smørprisen vært over 4 euro/kg sidan hausten 2016. Ved utgangen av mai var prisen 5,55 euro/kg, og den steg vidare opp i juni og var 6,20 euro/kg ved utgangen av juni.

Høgare kjøtprisar
Prisen på storfekjøt i Tyskland og Danmark auka svakt i juni. Det same gjorde prisen på dansk svin, som har auka jamt sidan mars i år. Snittprisen på kylling i EU auka med 2,6 prosent i juni. FAO sin prisindeks for kjøt har auka månadleg sidan februar, og auka med 1,8 prosent frå mai til juni.

Prisnedgang for svensk egg
Snittprisen for egg i EU var 2,5 prosent lågare i juni enn i mai og låg på 1,19 euro/kg. Den største prisnedgangen var for egg frå Sverige som gjekk ned med 8,3 prosent frå mai til juni.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet