Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Høgare prisar på meieriprodukt, variabel utvikling for andre jordbruksvarer

Stram tilgang på smør til eksport dreiv opp dei internasjonale smørprisane i juli. Prisane på ost og heilmjølkspulver auka òg. Dei internasjonale kveiteprisane gjekk ned etter å ha auka i juni.

Dei internasjonale prisane på korn som Landbruksdirektoratet følgjer gjekk ned i juli, medan prisane på dei fleste meieriprodukta gjekk opp. Høgare prisar på meierivarer og sukker bidrog til at FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) sin prisindeks for landbruksvarer auka frå juni til juli

Tørt vêr, men lågare kveiteprisar i juli
Etter auke i internasjonale kveiteprisar i juni, gjekk prisen ned i juli. Tørt vêr har bidratt til at det er venta lågare kvalitet på vårkveiten i Nord-Amerika i komande sesong. Sjølv om denne faktoren indikerer at prisen på kveite burde ha gått opp, har påverknader frå dei finansielle marknadane ført til at prisen har gått ned i juli.

Smør. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Dei internasjonale prisane på smør auka i juli.

Høgare prisar på dei fleste meierivarene
Dei internasjonale prisane på ost, heilmjølkspulver og smør auka i juli. Det syner FAO sin prisindeks for meieriprodukt, som gjekk opp med 7,6 poeng frå nivået i juni. Det svarar til ein auke på 3,6 prosent. Strammare tilgang på smør til eksport dreiv smørprisane vidare opp frå eit allereie høgt nivå. Prisane på skummamjølkpulver gjekk derimot ned i juli, som følgje av at etterspurnaden var moderat medan det vart selt varer frå intervensjonslagera i EU.

Roleg prisutvikling for kjøt
FAO sin prisindeks for kjøt låg om lag uendra frå juni til juli. Internasjonale prisar på lammekjøt auka fjerde månaden på rad, som følgje av at det vare lite lammekjøt tilgjengeleg for eksport frå Oseania. Samstundes gjekk dei internasjonale prisane på storfe-, svine- og fjørfekjøt litt ned. Medan mindre etterspurnad frå USA drog ned verdsmarknadsprisane på storfekjøt, bidrog store tilførslar av svin og fjørfe til ein viss prisnedgang for desse kjøtslaga. I Tyskland låg prisen på ung okse nokså stabil i juli.

Små endringar i eggprisane i EU
Snittprisen på egg i EU var to prosent lågare i juli enn i juli, men i mange land var prisen om lag uendra. Prisen på egg i Nederland fortsette å gå ned, medan prisen gjekk litt opp i Sverige.

Stabilt for lauk, prisnedgang for gulrot
Prisen på tysk, pakka gulrot låg nokså stabil i sommervekene. Omrekna til norske kroner gjekk prisen derimot ned.
I den tyske marknaden gjekk prisen på tysk, tørka lauk frå avlinga i år sterkt ned gjennom juli. AMI (Die Agrarmarkt Informations-Gesellschaft) melder at laukareala i både Spania og Nederkand har auka frå i fjor.

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Relaterte nyheter

Mer om temaet