Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Nedgang i internasjonale prisar på mjølk, prisauke på kjøt

Fleire av dei internasjonale prisane som Landbruksdirektoratet følger gjekk opp i april. Unntaket var prisane på meieriprodukt, som gjekk ned for andre månaden på rad grunna stor tilgang. Kornprisane ligg på eit lågt nivå etter gode avlingar i fleire år, men prisane auka litt i april.

Melkeglass og smør.  Foto: Colourbox.com
Dei internasjonale prisane på dei fleste meieriprodukt gjekk ned i april, men
smørprisen auka.

Det er høgsesong for produksjon av mjølk på den nordlege halvkula, og prisane på dei fleste meieriprodukt gjekk ned i april. Unntaket er smør, som hadde ein prisauke i mars og april. FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) sin prisindeks for mjølk gjekk ned med 3,3 prosent frå mars til april.

Auke i kveiteprisane
Trass i stor produksjon denne sesongen, har dei internasjonale kveiteprisane auka litt dei siste vekene. Det kjem av at dårleg vêr har ført til uro for dei komande avlingane i både USA og EU.

Prisoppgang på svinekjøt, stabile storfeprisar
FAO sin prisindeks for kjøt gjekk opp med 1,7 prosent i april. Dei første fire månadane i år  har kjøtprisindeksen auka med fem prosent. Det var spesielt høgare verdsmarknadsprisar på svine- og lammekjøt som drog opp indeksen i april. Prisen på svinekjøt frå EU som er med i FAO sin indeks auka i takt med stor etterspurnad både på den europeiske marknaden og frå Kina og Sør-Korea. For storfekjøt var det god balanse og stabile prisar på verdsmarknaden i april. Den danske prisen på ung okse klasse O låg stabil, medan den tyske prisen gjekk litt ned.

Prisauke for kyllingkjøt og egg
Den gjennomsnittlege prisen på kyllingkjøtt i EU auka med nærare to prosent frå mars til april. Prisen på egg i EU auka med nesten tre prosent. I Polen auka prisen med 16,4 prosent frå mars til april, medan prisane i Nederland og Sverige auka med høvesvis fem og fire prosent.

Stabile prisar på lauk og gulrot
I den tyske marknaden var prisen på lauk uforandra i mars. Gulrotprisen har variert noko, men held seg stort sett stabil. Den nye sesongen for grønsaker har starta i deler av Tyskland, men salet er forsinka som følgje av store mengder vare på lager. 

Kvar månad syner Landbruksdirektoratet prisutviklinga for eit utval viktige landbruksvarer i land og regionar som anten påverkar norsk import eller dei internasjonale marknadene. Les her for fleire detaljar om dei ulike sektorane.

Kontaktperson

Mer om temaet