Til hovedmeny (Alt + m + enter)Til innhold (Alt + c + enter)

Mjølkekvotar

Norsk rødt fe (NRF)

Hovudføremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse produksjonen av ku- og geitemjølk til behovet i marknaden. Kvoteordninga skal også ivareta distrikts- og strukturhensyn.

  • Dette er kvoteordninga for mjølk

    Kven kan bli mjølkebonde?

    Alle som har ein landbrukseigedom kan starte opp med mjølkeproduksjon. Dette kan gjerast ved å kjøpe kvote i omsetningsrunda, eller ved å leige kvote. For geitemjølk er det berre mogleg å starte opp med mjølkeproduksjon i kommunar der det er geitemjølkkvote frå før.

    Kva er kvote?

    Ein kvote er ein rett til å produsere ei gjeven mengde i løpet av ein bestemt periode. I kvoteordninga for mjølk skil vi mellom grunnkvote og disponibel kvote. 

    Grunnkvote

    Grunnkvote er den kvoten som er tildelt og kjøpt til ein eigedom. Grunnkvoten ligg til den enkelte landbrukseigedom, og det er eigar som til kvar tid har råderett over kvoten. Eigar av fleire landbrukseigedomar kan flytte grunnkvote mellom desse, så lenge eigedomane ligg innanfor same produksjonsregion.  

    Storleiken på grunnkvoten kan endrast ved at forholdstalet for grunnkvote endrast. Forholdstalet vert fastsett før kvart kvoteår av Landbruks- og matdepartementet, etter drøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Forholdstalet setjast som hovudregel for eit kvoteår av gongen. Kvoteåret går frå 1. januar til 31. desember.

    Dersom det ikkje vert levert mjølk frå ein mjølkekvote i løpet av ti kvoteår, opphøyrer kvoten.

    Fram til 31. desember 2019 kan grunnkvote konverterast frå geitemjølk- til kumjølkkvote. Dersom ein endrar kvote frå geitemjølk til kumjølk vert kvoten dobla. Det er ikkje mogleg å konvertere grunnkvote frå kumjølk- til geitemjølkkvote. Frå 1. januar 2020 vil det heller ikkje vere tillat å konvertere frå geitemjølk- til kumjølkkvote.

    Sjå døme her

    Disponibel kvote

    Alle føretak som har råderett over grunnkvote kan få utrekna disponibel kvote som grunnlag for mjølkeproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Disponibel kvote er den kvoten eit føretak kan produsere utan å bli ilagt overproduksjonsavgift. Det vil altså seie den kvoten som fastslår kor mykje mjølk ein mjølkeprodusent maksimalt kan levere i eit kvoteår.

    Disponibel kvote for eit enkelt føretak eller frå ein enkelt landbrukseigedom kan i 2019 ikkje overstige 900 000 liter. Den disponible kvoten kan vere satt saman av ein eller fleire grunnkvotar, og kan endrast ved at forholdstalet for grunnkvote og/eller disponibel kvote endrast. Forholdstala vert fastsett før kvart kvoteår av Landbruks- og matdepartementet, etter drøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

    Sjø døme her

    Produksjonsregion 

    Produksjonsregionane set ei geografisk ramme for kvar kvote kan flyttast. Dersom ein sel, kjøper eller leiger kvote, kan dette berre gjerast innan den produksjonsregionen kvoten tilhøyrar.

    I jordbruksoppgjeret 2017 ble det vedtatt å redusere frå 18 til 14 produksjonsregionar. Dette fekk verknad frå omsetningsrunden 2017.

    Dei nye produksjonsregionane er:

            Produksjonsregion
    1Oslo, Akershus
    2Østfold, Vestfold
    3Hedmark
    4Oppland
    5Buskerud
    6Telemark
    7Aust-Agder, Vest-Agder
    8Rogaland
    9Hordaland, Sogn og Fjordane
    10Møre og Romsdal
    11Trøndelag 
    12Nordland
    13Troms
    14Finnmark

    For geitemjølk har vi to produksjonsregionar: Nord-Noreg og Sør-Noreg.      

    Produksjonstak

    Produksjonstaket set ei øvre grense for kor stor ein disponibel kvote kan bli. Produksjonstaket gjeld både for eit føretak, og for kvar enkelt landbrukseigedom.

    Disponibel kvote for eit enkelt føretak eller frå ein enkelt landbrukseigedom kan i 2019 ikkje bli større enn 900 000 liter.

    Overproduksjonsavgift

    Ved leveranse utover disponibel kvote eller lokalforedlingskvote ileggast ei overproduksjonsavgift på kr 4,80 per liter mjølk. Med ”leveranse” forståast som hovudregel den mjølka som produsenten har motteke oppgjer for av meieriet. Det er den ”ansvarlege” som blir ilagt overproduksjonsavgift. I dei fleste høve vil det vere føretaket som har fått utrekna den disponible kvoten.   

    Det blir også ilagt overproduksjonsavgift på leveranse frå dyr som føretaket ikkje disponerer på varig basis. At føretaket må disponere dyra inneber at føretaket må eige eller leige dyra, på varig basis. ”Varig basis” definerer vi som minimum ein laktasjon. I tillegg må føretaket ha det daglege ansvaret for dyra, som fôring og stell av dyra.  

    Dersom fleire føretak reelt sett inngår i ei felles verksemd, eller på annan måte oppnår skalafordelar (driftsfellesskap), skal den ansvarlege bli ilagt overproduksjonsavgift for det enkelte føretaket si leveranse utover kvote. I nokre høve vil  driftsfellesskap føre til at overproduksjonsavgifta blir utrekna for leveranse over produksjonstaket.

    For å vurdere kor vidt fleire føretak reelt sett inngår i ei felles verksemd, eller på annan måte oppnår skalafordelar, må det gjerast ei konkret vurdering der ei rekke moment må vurderast. Døme på moment er kven som eig dyra, kven som utfører arbeidet, kvar dyra vanlegvis står plassert eller kven som sit igjen med fortenesta.

    Sjå døme her

     

    Kvoteordninga for mjølk er regulert i forskrift 23.11.2011 nr. 1502 om kvoteordningen for melk.

     

    Planlegg du brukarskifte nær registreringsdato for søknad om produksjonstilskot?

    Dersom du planlegg brukarskifte rundt 1. mars eller 1. oktober, må du melde frå til ditt meieri i god tid. Føretaket som søkjer om produksjonstilskot skal vere same føretak som disponerer mjølkekvote på teljedato for søknadsomgangen.

     

  • Geitemjølkkvotar

    Kvoteordninga handsamar somme gonger geitemjølk- og kumjølkkvotar ulikt. På desse sidene beskriv vi begge typane. Under finn du ei oppsummering ta dei viktigaste skilnadane for geitemjølkkvotane. 

    Produksjonsregion

    For geitemjølk har vi to produksjonsregionar: Nord-Noreg og Sør-Noreg.

    Produksjonstak

    Ein disponibel kvote for geitemjølk kan aldri verte større enn 900 000 liter.

    Flytting av kvote

    For å konsentrere geitemjølkproduksjonen til nokre delar av landet, har det blitt definert nokre satsingsområder for geitemjølk til industriell omarbeiding. Dette området er alle kommunar med geitemjølkkvote, bortsett frå kommunane Indre Fosen, Namsskogan, Røyrvik og Ås. Det er ikkje mogleg å flytte kvotar til kommunar utanfor satsingsområdet. Dette gjeld ved sal, kjøp, leige, felles mjølkeproduksjon og oppstart av geitemjølkproduksjon.

    Bakgrunnen for dette er at geitemjølkproduksjonen skal konsentrerast til satsingsområdet for industriell omarbeiding av geitemjølk. Dette området inkluderer alle kommunar med geitemjølkkvote, med unnatak av dei fire kommunane nemnd ovanfor.

  • Sal av mjølkekvote

    Opphøyr av gjeldande ordning for kjøp og sal av mjølkekvote

    Landbruks- og matdepartementet har fastsatt endringar i forskrift 23. september 2011 nr. 1502 om kvoteordningen for melk (kvoteforskrifta). Endringa inneber at frå og med 2. august 2019 er ordninga for kjøp og sal av mjølkekvotar oppheva.

    Kvoteforskriften og fastsettelsesbrevet for endring av kvoteforskriften finn du her.

    Nedskalering av mjølkeproduksjon - kumjølk

    Årsaka til opphøyr av gjeldande ordning for kjøp og sal av mjølkekvotar er nedskaleringa av norsk mjølkeproduksjon. Som følgje av WTO-avtalen frå Nairobi 2015 må Noreg avvikle eksportsubsidiane innan 2021. Det inneber at mjølkeproduksjonen må reduserast. I jordbruksoppgjeret 2019 ble partane samde om å gjennomføre ein mellombels oppkjøpsordning i 2020 med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter grunnkvote. Resten av nedskaleringa skal bli gjennomført med forholdstall for disponibel kvote.

    Her kan du lese meir om sal av mjølkekvote i 2020

  • Kjøp av mjølkekvote frå staten

    Ingen kjøp av grunnkvote frå staten i 2019

    Det ble vedtatt i jordbruksoppgjeret 2019 at ku- og geitemjølkkvote som vert selt gjennom den statlege omsetningsordninga ikkje skulle seljast ut att i 2019.

  • Mjølkeproduksjonsføretak

    Alle former for føretak er likestilte

    Særreglane for samdrifter vart avvikla i kvoteregelverket og i produksjonstilskotsregelverket frå 1. januar 2015. Dette inneber at samdriftsføretak og andre typar mjølkeproduksjonsføretak no er likestilte i kvoteregelverket. Korleis eit føretak disponerer grunnkvote vil berre avgrensast av produksjonsregion og produksjonstak.

    Landbruksdirektoratet går i kvoteordninga bort frå bruken av omgrepet samdrift. Heretter vil vi i staden nytte føretak for felles mjølkeproduksjon.

    Uavhengig av føretaksform kan eit mjølkeproduksjonsføretak leige inn kvote, sjå meir under leige av mjølkekvote.

    Dersom eit føretak for felles mjølkeproduksjon vil endre føretaksform til enkeltpersonføretak med kvoteleige, må føretaket søke om oppløysing, og utleigarane må sende søknader om kvoteleige.

    Fristar

    Søknad om endringar i føretak for felles mjølkeproduksjon må sendast til Landbruksdirektoratet innan 1. oktober. For alle endringar blir det gitt verknad frå følgjande kvoteår.

    • Skjemaer

      • LDIR-800Søknad om felles melkeproduksjon

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
      • LDIR-801Søknad om oppløsning av felles melkeproduksjon

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
      • LDIR-811Søknad om innmelding av grunnkvote i foretak

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
      • LDIR-812Søknad om utmelding av grunnkvote fra foretak

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
  • Utleige av grunnkvote

    Vilkår ved kvoteleige
    Kvoteleige er i lita grad regulert i kvoteforskrifta som trådde i kraft 1. januar 2012. Det er likevel nokre aspekt som framleis er regulert. Reglane gjeld også for vederlagsfri leige (utlån) av mjølkekvote.

    • Det er berre eigar av landbrukseigedom med kvote som kan leige ut kvote
    • Avgrensa av produksjonsregion (grunnkvote kan ikkje flyttast ut av produksjonsregionen)

    Du kan leige ut og leige inn kvote samtidig. Dersom du skal leige ut kvote du sjølv har leigd inn, treng vi samtykke frå eigaren av kvoten. Vi gjer merksam på at Landbruksdirektoratet ikkje held greie på mellomledd i kvoteleige. Vi registrerar leige berre mellom eigar av grunnkvoten og føretaket som skal leige grunnkvoten.

    Fristar
    Dersom du ynskjer å leige ut kvoten din, må du søkje om dette til Landbruksdirektoratet. Fristen for å søkje er 1. oktober for geitemjølk og kumjølk, dersom leigeforholdet skal få verknad frå følgjande kvoteår.

    Du kan seie opp leigeforholdet når du vil, så lenge begge partar er samde om dette. Landbruksdirektoratet må ha beskjed om oppsiginga innan 1.oktober for geitemjølk og kumjølk for at leigeforholdet skal opphevast frå følgjande kvoteår.

    Skjema
    Elektronisk søknadsskjema for kvoteleige finn du her. Ut over dette treng ikkje Landbruksdirektoratet ytterlegare dokumentasjon. Avtale og betaling knytt til leigeforholdet er noko utleigar og leigetakar ordnar seg i mellom.

    Handsaming av søknader
    Søknadar om leige av grunnkvote blir ikkje handsama før etter jordbruksforhandlingane er sluttførte. Dette av omsyn til eventuelle endringar som følgje av forhandlingane.

    • Skjemaer

      • LDIR-507Søknad om utleie av grunnkvote i melkeproduksjon

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
      • LDIR-810Erklæring om opphør av kvoteleie

        Bokmål:
        PDF ikon
        Nynorsk:
        PDF ikon
  • Leveransekravet

    Det har tidlegare vore eit krav om leveranse for å kunne selje kvote, leige ut kvote, ved samdrift, og ved samanslåing av kvote. Dette kravet er no avvikla.

    Unnataket er dei som avslutta mjølkeproduksjonen før 1. januar 2011. Dei som avslutta produksjonen før denne datoen må starte opp produksjonen på landbrukseigedomen kvoten tilhøyrar. Dersom dei ynskjer å flytte kvoten frå denne landbrukseigedomen, må dei levere mjølk frå eigedomen samanhengande i to år.

    Dersom det ikkje vert levert mjølk frå ein kvote i 10 kvoteår, fell den vekk. For å unngå dette må ein levere mjølk på kvoten på eigen eigedom, altså må det vere ein aktivitet på kvoten i løpet av 10 kvoteår for å unngå at den fell vekk.

  • Fristar

    Alle andre endringar i kvoteforhold må det søkjast om innan 1. oktober. Søknadsfristane gjeld både for geitemjølk og kumjølk.

    ”Andre endringar” i kvoteforhold omfattar kjøp av kvote, opphøyr av kvoteleige, endringar i føretak for felles mjølkeproduksjon. Det kan søkjast fortløpande om konvertering og flytting av grunnkvote.

    Her er alle fristane i kvoteordninga for ku- og geitemjølkprodusentar: 

    Kva det gjeld?

    Frist

    Korleis?

    Utleige av kvote

    1. oktober

    Søk elektronisk her

    Opphøyr av kvoteleige

    1. oktober

    Eige skjema

    Andre endringar i kvoteforhold

    1. oktober

    Eigne skjema

     Konvertering og flytting av grunnkvote

    Ingen frist 

    Ikkje eige skjema

    Handsaming av søknader
    Søknadar om sal, kjøp og leige av grunnkvote blir ikkje handsama før etter jordbruksforhandlingane er sluttførte. Dette av omsyn til eventuelle endringar som følgje av forhandlingane.

  • Klageadgang

    Alle vedtak som Landbruksdirektoratet fattar i medhald av kvoteforskrifta kan ein klage på til Landbruks- og matdepartementet.

Kontakt

Elektroniske tjenester

Frister

    Siste nyheter